Hopp til innhold

Bekymring for underskot i Sjukehuset Innlandet

Sjukehuset Innlandet hadde eit økonomisk underskot på 92 millionar kroner i fjor, og det er også underskot i januar og februar i 2024.
Styret i Sjukehuset Innlandet har i dag gått gjennom økonomien. Det er dei somatiske divisjonane Gjøvik/Lillehammer og Hamar/Elverum som bruker for mykje pengar. Det er i hovudsak meirforbruk på personell i form av vikarar og overtid. Dette fordi det har vore høgt sjukefråvær i periodar og fordi det står mange ledige stillingar. Spesielt er det innafor sjukepleie det er mangel på folk.
Ventelistene innafor somatikk har auka i fjor, og i tillegg har det vore brot på ventelistegarantien, noko som også kostar sjukehuset dyrt.

Innan psykiatrien har det ikkje vore underskot eller vorte lengre ventelister.

Eli Giske er ny leiar i Sjukehuset Innlandet. Ho seier til NRK at styret vil ha fullt fokus på økonomien framover.
– Underskotet gjer at vi ikkje får igjen pengar til viktige investeringar i bygg, utstyr og IKT, seier Giske.
Målet er å komme i pluss i løpet av året.

Eli Giske
Foto: Inger Johanne Solli / NRK