– Barn og unge er flinke på digitale plattformer, men dei har ein del «hol». Dei manglar støtte frå ulike aktørar rundt seg i heim, skule og fritid.
Det seier professor Halla Bjørk Holmarsdottir ved Oslo Met.
Saman med eit internasjonalt forskarmiljø har ho undersøkt barn og unge sine eigne opplevingar av den digitale kvardagen.
Det er ikkje lenger slik at når barn er på skulen, så er dei berre på skulen. Eller når dei er heime, så er dei berre heime. Det har familien på Brøttum erfart.
– Eg har lyst til å bli Supersonic Legend!, seier Ludvig Teigen Ødegård.
Medan Ludvig trykker ivrig på spelkonsollen, snakkar han med Olve Suhr Vian (10) som bur i Alta. Olve sitt svar på klingande nordnorsk lekk ut gjennom hovudtelefonane.
Ludvig og Olve har aldri møtt kvarandre. Likevel er dei bestevenner.
MØTES ETTER SKULEN: I spelet møter Ludvig vennen Olve. Dei snakkar mest om spelet, men også om andre ting. No kjenner dei kvarandre ganske godt, fortel Ludvig.
Foto: LARS ERIK SKREFSRUD / NRKEin digital bestevenn
Heime hos familien på Brøttum er det digitale ein viktig del av kvardagen både for små og store.
– Det at han har fått ein så god venn, det synest eg er utruleg verdifullt, seier mamma Ingvild Teigen.
Saman med pappa Roy Tore Ødegård er ho oppteken av at barna skal vere klar over korleis dei oppfører seg og korleis dei pratar til kvarandre på nett.
TRAVEL KVARDAG: Den gongen eldstemann var det einaste barnet i familien, spelte dei vaksne saman med han. Med tre barn heime, blir det mindre tid til det.
Foto: LARS ERIK SKREFSRUD / NRKNår Ludvig speler, avtaler han med andre. Og det kan øydelegge for dei andre viss han går ut av spelet.
Det har lært foreldra å førebu han på når ting skal skje. Slik unngår dei frustrasjon – samtidig som dei får Ludvig ned til middag.
– Det som er viktig for oss er å vere i forkant, slik at han rekk å gjere seg ferdig og ikkje startar på noko nytt, forklarer Teigen.
Ho synest det er viktig at spelinga ikkje går utover det å vere saman med andre, aktivitetar eller skulearbeid. Samtidig har spelet ein verdi, ettersom han har fått gode venner på nett.
– Det er berre der han får vore saman med dei.
SNAKKAR MYKJE MED BARNA: Teigen meiner dei som foreldre kan bidra med ein positiv kommunikasjon rundt det som skjer på nett. – Eg tenkjer at viss vi er interesserte og viser at vi bryr oss om det dei driv med, så er det kanskje er lettare å komme til oss då, seier Teigen.
Foto: LARS ERIK SKREFSRUD / NRKSjølv om foreldra er positive til at barna utforskar det digitale, så er det behov for å sette grenser i ein familie med mange skjermar.
– Viss alle har kvar sin lyd, så kan eg bli tullete i hovudet, ler Teigen.
HØYRER FORSKJELL: Mamma Ingvild fortel at når Ludvig speler med Olve så er han roleg, og dei er sosiale saman. Når han speler med andre, gjerne fleire saman, blir det ofte meir høglydt og med kraftigare språkbruk. Ludvig kjenner seg igjen i mammas skildring: – Ja, du har nemnt det ganske mange gonger, humrar han.
Foto: LARS ERIK SKREFSRUD / NRK
Positivt nærvær
Digigen-prosjektet har studert den digitale kvardagen til barn og unge i barnehage, skule, på fritida og i familien.
No meiner forskarar at vaksne bør jobbe meir for å skape ein positiv dialog med barna.
Barn treng og ønsker vaksne som er engasjerte og til stades. På same måte som på fotballen eller pianoundervisninga.
– Dei manglar ein dialog med foreldre og dei manglar ein dialog med lærarar. Dei manglar at dialogen startar før ting går «skeis», seier professor Holmarsdottir ved Oslo Met.
I dag blir det ofte ein negativ dialog om det digitale livet til barnet, forklarer ho. Samtalane handlar vanlegvis om reglar på nett og å avgrense skjermtida.
Samtidig trur ho at vaksne ofte er usikre. Kor stor plass skal sosiale medium få? Kven har ansvar for å lære barna digitale ferdigheiter? Kva påverkar barnet?
FØREBUING: Holmarsdottir minner om at det er lettare å handtere vanskelege ting viss ein har ein god dialog i utgangspunktet. Ho meiner det er viktig for barn at vaksne anerkjenner den digitale røyndommen.
Foto: PRESSEFOTO / Oslo MetDet finst barn som blir veldig påverka av det som går føre seg på skjermen. Men dei fleste klarer seg bra. Framfor å vere overbeskyttande, meiner Holmarsdottir at barn må få lære å takle risiko.
På same måte som dei lærer å klatre i tre eller spikke med kniv.
– Vi er for opptekne av alle moglege risikoar. Ja, sjølvsagt skal vi passe på, men kanskje kan foreldre bruke meir ressursar og krefter på å starte ein positiv dialog, seier Holmarsdottir.
TO VERDER SOM IKKJE KAN SKILJAST: Forskinga viser at barn sin digitale og fysiske verd flyt saman. Heime i stova på Brøttum er 12-åringane Tuva Teigen Ødegård, Andrea Sønsteli Skrukkerud, Synne Skaug Hallonen på sosiale medium. Dei er ofte aktive på digitale plattformer medan dei er saman fysisk.
Foto: LARS ERIK SKREFSRUD / NRK
– Berre snakk
Saman med Kripos jobbar politidistrikta i Innlandet, Sør-aust, Vest og Aust for å vere meir til stades på internett. På kvar sin måte skal dei prøve ut nye måtar å jobbe på.
Politioverbetjent Hege Fossum og politiførstebetjent Aleksander Vatn i nettpatruljen i Innlandet meiner vaksne må prøve å forstå korleis barna oppfattar det som skjer på nett.
Mellom anna kan det verke framandt for dei unge at vaksne ikkje reknar det som skjer på nett som ein del av «den verkelege verda».
– Det er viktig å ikkje skilje for mykje mellom det mange vil kalle den verkelege verda, altså den fysiske verda, og den digitale verda. Eigentleg er det eitt og det same, forklarer Vatn.
FACEBOOKGRUPPE: Aleksander Vatn og Hege Fossum har oppretta ei gruppe på Facebook for foreldre med barn på barneskuletrinnet. Gruppa har no 4 600 medlemmer.
Foto: Astrid Gerdts / NRKNettpatruljen peikar på at det er store forskjellar i kor mykje kunnskap foreldre har om spel og sosiale medium.
Vatn oppmodar foreldre til å snakke med dei unge sjølv om ein kjennar seg usikker. Barnet kan forklare deg kva det handlar om, meiner han.
Ein gong i måneden er Hege Fossum og politibamsen «Trygg» online i Facebook-gruppen.
Dei svarer på spørsmål frå barn og vaksne, lager konkurranser og tar i mot «challenges».
Aleksander oppfordrer vaksne til å gi plass til morosamme ting og meistringsoppvelevingar.
– Draumescenario
For Ludvig er det å spele også å vere saman med Olve. Han gler seg til å komme heim frå skulen og logge på.
Gutane har snakka om å møtest. Aller helst vil Ludvig besøke Olve i Alta, ca. 1140 kilometer lenger nord. Eller at Olve kjem til Brøttum.
– Det å få møte Olve fysisk, det hadde vore heilt fantastisk. Det hadde vore det største for Ludvig. Dei har verkeleg eit sterkt band, seier mamma Ingvild Teigen.






TO GODE VENER: Mor til Olve, Linda Kristin Suhr, har berre møtt Ludvig over skuldera til Olve. Også ho opplever kontakten mellom gutane som positiv.