Hopp til innhold

Satser på mangfold: - Dei fortener ei tydeleg stemme

Mats Erik (33) jobber til dagleg med ved, nå er han også reportar i lokalavisa.

Dølen Sett TV.
Mats Erik Baukhol og

REPORTER: Mats Erik Baukhol er reporter i TV-Sett. Her intervjuar han kollega Elisabeth Trettengen midt under ved-pakkinga. – Liker du jobben her? – Ja!

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

I mange år har Mats Erik vore fast medarbeidar på Arbeids- og frivilligsentralen på Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Her trivst han godt med både arbeidsoppgåvene og det gode fellesskapet med kollegaene sine.

Den nye jobben som frilans reporter kan fint kombinerast med den faste jobben. I dag lager han reportasje frå sin eigen arbeidsstad.

Mats Erik Baukhol ved vedmaskina

Mats Erik ved den nye vedmaskina som han handterer til dagleg. Med den har farta gått skikkeleg opp på vedproduksjonen.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

Og det er på Arbeids og frivilligsentralane i dei tre kommunane Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron at avisa Dølen i stor grad har rekruttert medarbeidarar til sin nye redaksjon, TV-Sett.

Sentralane er ein stad der folk med ulik grad av utviklingshemming og dei utan, jobbar side om side. Dei produserer ved, tennbrikettar og utemøblar. Alt er godt etterspurde produkt både av bygdefolket og alle hytteturistane i regionen.

Dølen Sett TV.
Astrid Berge og....

Astrid Berget og Jorun Langvegg stiller opp for teamet frå TV-Sett. Dei viser fram sine eigenproduserte tennbrikettar. På spørsmål om dei er like gode som dei vi kjøper i butikken svarar Astrid: – Nei, dei er mykje betre.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

Bli kjent og akseptert

Prosjektleiar Erik Wethal Haave synest Mats Erik og dei andre nye reporterane har kome langt.

–Vi starta med presentasjonsmøte for alle tilsette og for deira pårørande. Det var viktig for oss å møte dei som skal jobbe hos oss først! Slik kan dei vere med på å legge premiss for korleis TV-Sett skal bli. Ingen underhaldningskanal, men ekte vare, der medarbeidarane skal vere reporterar på ting som skjer i regionen.

Haave fortel at det var mange spørsmål frå salen – og etterpå.

– Det er jo ikkje rart at mange var spente på kva dette var. Men vi meiner alvor, vi skal bli ein fast redaksjon etter kvart.
Haave fortel at Dølen stiller med kamera og teknikk, medan dei nyrekrutterte blir journalistar. Slik skal dei nye medarbeidarane bli godt inkludert i redaksjonen.

Dølen Sett TV
Prosjektleiar Erik Wethal Haave

– Dette er ikkje underhaldningsprogram, seier prosjektleiar Erik Wethal Haave. – TV-Sett skal vere ein eigen, sjølvstendig redaksjon som lagar program for og med funksjonsmangfald.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

Les også Personer som Bent og Sindre er en ubrukt ressurs i arbeidslivet

Forskning. UiT. Harstad.

Noko å strekke seg etter

Mats Erik går frå verkstad til verkstad på arbeidssentralen med mikrofonen. Fotografen frå Dølen heng på så godt han kan.

– Liker du deg her? Spørsmålet stiller Mats Erik til Elisabeth Trettengen, som er på jobb i vedpakkeriet. Ho tar seg tid til å svare på spørsmålet.

–Ja, eg liker å jobbe her!

Sjefen heiter Redvald Heggelien. Han synest det er flott at nokre av medarbeidarane her får fleire bein å stå på.

– Å ha eit arbeid å gå til er viktig for at livet skal vere meiningsfylt. Og mest moro blir det når oppgåvene er litt vanskelegare enn det vi trur vi greier. Slik er det for alle! Og nå ser vi for eksempel at Mats Erik også greier å vere reporter!


Redvald Heggelien, daglig leder Sør-Fron Arbeids- og frivilligsentral

Redvald Heggelien er dagleg leiar på Sør-Fron Arbeids- og frivilligsentral. At medarbeidarane der nå får tilbod om å jobbe også i TV-Sett, er heilt i tråd med leiarfilosofien: – Alle trenger noko å strekke seg etter, da blir alt meir moro!

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

TV av og med alle!

Avisa Dølen dekker kommunane Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu i Innlandet. Den har meir enn 4000 abonnentar. Redaktør Tone Sidsel Sanden har lenge hatt «mangfald» som eit overordna mål. Dei aller fleste grupper og minoritetar får plass i spaltene her.

– Men det var ei gruppe vi mangla. Det er dei med utviklingshemming. Desse menneska er ressurssterke og fortener ei tydeleg stemme i lokalavisa.

Sanden seier ho vart veldig inspirert da ho høyrde om TV-Bra, som er ein landsdekkande TV-kanal for og med mennesker med utviklingshemming. Dei har redaksjonar fleire stader i landet.

Tone Sidsel Sanden
Redaktør i lokalavisa Dølen

Redaktør Tone Sidsel Sanden i Dølen meiner lokalavisa har plikt til å vise mangfald både i spaltene, og i TV-innslaga dei lagar. Ikkje berre som intervjuobjekt, men også som reporterar.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

– Dei viser at dette er mogleg å få til. Og eg tenkte – at det kan jammen meg vi som lokalavis også gjere.

Midlar frå Medietilsynet har gjort prosjektet mogleg, nok til at det i første omgang skal gå gjennom heile 2024.

To episodar med Sett-TV er ute nå, og redaktøren har fått mange godord for det folk ser.

– Folk liker det og mange ser på det. Vi får gode tilbakemeldingar frå alle. Enten det er pårørande, politikarar eller lesarar. Og vi er så glade for at dei som jobbar i kommunen med dei folka vil nå, har vore så positive.

– Det skulle berre mangle!

Forbundsleiar Tom Tvedt i Norsk foreining for utviklingshemma (NFU), er strålande nøgd med tilbodet til Dølen.

Han er sjølv busett i Nord-Fron, og les avisa. Og har fått med seg TV-Sett.

– Frå før han vi jo TV-Bra, som er ein nasjonal kanal. At lokalavisa nå satsar slik dei gjer, viser berre at vi verkeleg har mediemangfald.


Tvedt kjemper for rettane og menneskeverdet til dei utviklingshemma.

Tom Tvedt

Tom Tvedt er forbundsleiar i NFU. Han roser arbeidet Dølen gjer. Og han roser kommunar som legg til rette slik at alle kan få jobbe. – Det handlar om menneskeverd, seier Tvedt

– Akkurat som alle andre treng dei arbeid og noko å strekke seg etter. Å gå på jobb handlar om identitet, fordi vi gjer noko faktisk betyr noko.
Og når vi blir sett for jobben vi gjer, blir vi glade og tilfredse, Difor er arbeidet kommunane gjer med arbeidssentera og det Dølen gjer med å etablere TV Sett heilt topp, seier Tvedt. .

Les også Budsjettkutt for syns- og funksjonshemmede: – Smålig og usosialt

Tips meg gjerne!

Likte du historia om Mats Erik og avisa Dølen som går nye vegar? Tips meg gjerne om andre saker som handlar om funksjonsmangfald. Både dei hyggelege og dei vanskelege sakene vil eg gjerne høyre om. 

Flere saker fra Innlandet

pride-flagg-tv-140624

Strømmet på TikTok: – Dere må vipse om dere vil ha mer homoflagg-brenning

Trafikkulykke Østerdalen Sladdet

To personer døde i trafikkulykke i Østerdalen