Hopp til innhold

Arkeologane trudde ikkje sine eigne auge då dei grov opp denne gjenstanden

ÅMOT (NRK): Under torva, mellom nokre steinar, fann arkeologane ein lansespiss som truleg har vore i jorda i 1600 år.

Skavernodden, Åmot

UNIKT FUNN: På Skavernodden i Åmot har arkeologane funne fleire unike funn. Her viser arkeolog Kathrine Stene fram ein lansespiss.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

– Sjå den her. Den ser jo nesten heilt ny ut, seier arkeolog ved kulturhistorisk museum, Kathrine Stene.

Ho har vore utgravingsleiar på Skavernodden i Åmot dei siste fem somrane. Der har dei tidlegare gjort fleire større funn. No nyleg fann dei noko heilt unikt.

Rett under torva. Mellom nokre steinar. Der låg det som må ha vore ei ordinær grav. Truleg grava til ein bjørnejeger. Der fann arkeologane blant anna ein lansespiss.

Lansespissen, som truleg har vore i jorda i 1600 år, er framleis skarp.

– Det kom nokre gledesrop då vi fann denne. Det var veldig uventa, seier Stene.

Skavernodden, Åmot

LANSESPISS: Ein lanse er eit langt støytvåpen med eit smalt blad av metall. Det er denne metalldelen dei har funne i Åmot.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Fleire funn

Lansespissen hadde klart seg godt. Den var dekka med jord og hadde litt rust på seg. No skal den sendast til konserveringslaboratoriet kor den skal bli reinsa.

Kjetil Skare, arkeolog i Innlandet fylkeskommune, forstår ikkje korleis ein så gammal gjenstand har heldt seg så godt.

– Den er jo nesten skarp. Endå den er laga av jern. Korleis og kvifor det er så gode bevaringsforhold i dette sure jordsmonnet her, det forstår vi ikkje heilt enno.

For i tillegg til lansespissen, har arkeologane funne fleire pilspissar, eit par bøylesakser og ein tung holøks. Dei har også funne mengder av beinfragment, både frå dyr og folk.

– Samla sett har vi funne godt over 30 kilo med brent bein. Dei første 13 kilo var om lag 31 000 bitar, så vi pratar kanskje om 80 000 fragment no, seier Skare.

Skavernodden, Åmot

BJØRNETENNER: Arkeologane har blant anna funne fleire godt bevarte bjørnetenner.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Funna kan ikkje samanliknast

Dette er femte sommaren at arkeologane har grave, skrapa, børsta og leita etter gjenstandar og andre spor frå fortida ved odden i Åmot.

Til no har dei funne to ordinære graver og avdekka ei grop dei trur kan ha blitt brukt i ei rituell handling. Kanskje ein offerplass.

Det gjer funna på Skavernordden heilt unike, meiner Skare.

– Vi har ikkje nokon tidlegare funn vi kan samanlikne med. Så det er ingenting som kan hjelpe oss med å finne ut av kva dette er. Vi har lurt veldig på om dette er ei form for gravlegging, ofring, eller kanskje begge deler?

– Vi veit lite om dei som budde her, så dette er på ein måte eit av få kikkehol inn i kulturen til dei som budde her. Foreløpig er dette unikt.

Skavernodden, Åmot

SPENNANDE: Det har vore spennande for arkeologane å leite etter spor frå fortida på Skavernodden. Dei har gjort fleire større funn i området.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Trur dei kan finne meir

Sjølv om arkeologane har funne mykje på odden dei siste fem åra, trur dei det kan vere meir der.

Men no utgravingane på Skavernodden truleg mot slutten.

Sjansane for å få endå meir pengar frå Riksantikvaren til ytterlegare avdekking av fortidas gåter, reknar arkeologane som små.

Men det er sannsynlegvis langt meir å finne på eller i nærleiken av odden. For dei har enno ikkje funne plassen kor alle beina, både frå dyr og menneske vart brent.

– Vi er ganske sikre på at dette har vore ein heilag plass i eldre jernalder. Det dukkar stadig opp nye ting, så vi er ikkje sikre på om dette er siste sesong, seier Skare.