Medan dei handlar i matbutikken, skannar sambuarane Ida Nordengen og Vegar Moen varene dei vurderer å kjøpe.
Men det er ikkje prisen dei er ute etter.
– Vi prøvar å unngå ultraprosessert mat så langt det går, seier Ida, i det ho sett attende eit glas med syltetøy.
Sambuarane har sjølv utvikla ein app, kalla «Frifor», som seier kor mykje behandling maten i hylla har fått.
SKANNAR: Kvar vare i butikken blir nøye sjekka før dei kjøpar.
Foto: Frode Meskau / NRK300.000 lasta ned
Dei lagde appen saman først og fremst fordi Ida fekk cøliaki.
Appen skulle hjelpe ho og andre med same sjukdom med å velje bort mat med gluten.
Men etter at dei la inn funksjonen for å sjå kva slags mat som er ultraprosessert, tok appen av.
HEIMEKONTOR: Appen til Ida Nordengen og Vegar Moen blir behandla frå kjøkkenbordet, inntil vidare.
Foto: Frode Meskau / NRKTil no har over 300.000 nordmenn lasta ned appen, og 17.500 personar er betalande abonnentar.
Den var blant topp ti lasta ned appar i fleire månadar.
– Det er gøy. Vi er audmjuke til det, fordi vi har fått eit stort ansvar, seier Vegar.
Dei ønsker å gje folk god informasjon om maten dei et.
– Mat er viktig og det råkar alle. Vi ønsker å bidra til at folk kan velje rein mat, seier Vegar.
– Og det treng ikkje vere vanskeleg eller dyrt, legg Ida til.
IKKJE BESTÅTT: Heller ikkje vaffelmiksen finn vegen til handlekurven til sambuarane.
Foto: Frode Meskau / NRKBryr du deg om ultraprosessert mat?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Kan vere skadeleg
Men det er usemje om kor farleg ultraprosessert mat er.
Klinisk ernæringsfysiolog Inge Lindseth er ikkje i tvil om at høgt behandla mat er skadeleg.
FORSKING: Inge Lindseth er overtydd om skadane som høgt tilarbeida mat kan gje.
Foto: Frode Meskau / NRK– Nyare forsking tydar på at dette kan gje plagar vi har mykje av i samfunnet, seier ernæringsfysiologen.
Han ramsar opp blant anna tarmbetennelsar, og auka risiko for kreft og overvekt, og kritiserer arbeidet med dei nye kostråda.
IKKJE SAMD: Linda Granberg i Helsedirektoratet seier dei tek omsyn til fakta.
Foto: Frode Meskau / NRKMen Helsedirektoratet seier at dei ikkje har godt nok grunnlag for å seie at ultraprosessert mat er skadeleg for helsa.
– Det er ikkje god nok dokumentasjon på at prosesseringsgrada seier noko om korleis helsa blir råka. Det viktigaste er å sjå på kva produkta inneheld, seier Linda Granlund.
Ho er divisjonsdirektør folkehelse og førebygging i Helsedirektoratet.
Vil gjere det enklare
Attende i butikken står sambuarane framfor kornblandingane.
Der ser dei både havregryn og frukostblandingar.
Begge har myndigheitene sitt nøkkelhol-merke, men frukostblandingane er ultraprosessert.
FORVIRRAR: Sambuarane bak Frifor-appen trur nøkkelhol-merket gjer sunne val vanskelegare.
Foto: Frode Meskau / NRK– Det betyr ikkje at det er sunt, når du knytt det til ultraprosessert mat, seier Ida om nøkkelhol-merket.
Vegar Moen trur merket ikkje gjer det enklare å ete sunn mat.
– Då hadde nok ikkje 300.000 personar lasta ned appen, viss det hadde vore nok, seier han.