Hopp til innhold

Marte (23) meiner fleire unge bør prøve «quiet quitting»

«Gjer jobben din. Få betalt. Dra heim». Det er betydninga bak den nye trenden som har breia seg utover TikTok den siste tida.

– Ein kjem til å angre viss ein lèt alle «må-ting» gå utover det ein eigentleg ønsker og vil, meiner Marte Enberg Dahl.

MOTSVAR TIL PRESSET: Generasjon Z har mykje dei skal rekke. No har det komme ein ny trend, som skal vere eit motsvar til prestasjonspresset mange føler på. – Ein kjem til å angre viss ein lèt alle «må-ting» gå utover det ein eigentleg ønsker og vil, meiner Marte Enberg Dahl.

Foto: METTE VOLLAN / NRK

Ho vaknar klokka 07:00. Skulen begynner 08:45 og varer til 16:00. Etter det gjer ho skulearbeid i rundt to timar.

Ho har òg ein deltidsjobb som koordinator, produksjonsleiar og anna administrativt arbeid innan TV, reklame og film.

I tillegg prøver ho å strekke seg for å vera sosial, stille opp for familie og venner - og sette av tid til seg sjølv. Når klokka blir 22:00 legg ho seg.

23 år gamle Marte Enberg Dahl kjenner mykje på presset av å prestere. Generasjon prestasjon, som det kallast.

Men no prøver ho noko nytt.

– Det siste året har eg verkeleg gått inn i meg sjølv for å skille ut dei viktigaste prioriteringane mine, seier ho.

Også kalla «quiet quitting», om vi ser til sosiale medium.

Les også – Unge opplever et konstant press

Merkeklær

Kva er greia?

Du treng ikkje skrolle langt før emneknaggen dukkar opp i feeden din.

#Quietquitting har 145 millionar visningar på TikTok. Også på andre sosiale medium, som Instagram, blir taggen flittig brukt.

I sosiale-medium-universet betyr quiet quitting at du skal gjere det som står i stillingsbeskrivelsen din.

Altså:

Du skal gjere jobben din, men ikkje overprestere. Eller som sosiale medium beskriv det: «Gjer jobben din. Få betalt. Dra heim».

Det er mange emneknaggar knytt til trenden. Blant anna #quietquitting2022, som har 700.000 visningar.

Quiet quitting.
Foto: Skjermbilde
Quiet quitting
Foto: Skjermbilde
Quiet quitting
Foto: Skjermbilde
Quiet q.
Foto: Skjermbilde / NRK
Quiet quitting.
Foto: Skjermbilde
Quiet quitting
Foto: Skjermbilde
Quiet quitting
Foto: Skjermbilde
Quiet quitting
Foto: Skjermbilde

Set grenser for seg sjølv

Marte har alltid vore ein av dei som strekker seg langt for å prestere bra i skule og jobb.

Ho trivst med å ha mykje å gjere, samtidig har skule og jobb bidratt til å skape press i kvardagen.

– Eg føler det er eit jag i 2022 om å skulle overprestere i alt ein gjer. Ein kan alltid bli betre, ein kan alltid lære meir.

Det siste året har Marte innsett at ho ikkje får det betre av å overprestere. Ho kan framleis jobbe overtid, men då er det fordi ho vil - ikkje fordi ho føler ho må.

– Å setja grenser for seg sjølv, og å gjere det som ein sjølv får mest ut av er noko eg ser på som veldig viktig.

Når Marte merkar at ho går tilbake til gamle vanar med å prestere meir enn ho eigentleg orkar, hugsar ho på det ein gamal kollega ein gang sa til henne:

– «Det er jo ikkje så farleg. Det er jo berre jobb». Ein tanke eg aldri har hatt, men som eg den dagen i dag prøver å minnast når stress og press står på som verst.

23-åringen meiner det har blitt vanleg å sjå ned på dei som ikkje strekker seg lengre enn nødvendig.

– Desse blir sett på som late unnasluntrarar. Men kanskje fleire av dei faktisk lever eit mykje meir behageleg liv, seier ho.

Les også Kristoffer (24) åtvarar andre unge menn: – Ikkje bli som meg då eg var 18 år

– Unge blir lette offer

Marit Christensen er førsteamanuensis i arbeids- og organisasjonspsykologi ved Institutt for psykologi ved NTNU.

Christensen meiner det ligg mykje positivt i trenden.

Ho seier vi ofte gjer meir ein vi eigentleg skal av ulike årsaker, ein av dei fordi vi sjølv har laga oss eit bilete av at vi må prestere over evne for å gjere ein god jobb.

Marit Christensen

MEINER ARBEIDSTAKARAR HAR EIT ANSVAR: Christensen visar til innsats-belønningsmodellen, ein teoretisk modell som NTNU brukar i forskinga si på psykososialt arbeidsmiljø og arbeidseffektar av det. – Modellen kjenneteiknar at det er ein balanse mellom den innsatsen som leggjast ned i arbeidet og den heideren og belønninga som blir mottatt. Belønninga treng ikkje berre vere lønn, det kan òg til dømes vere karrieremoglegheiter, jobbsikkerheit eller status i form av utviklingsmoglegheiter. – Eg synest det kan høyrast positivt ut at ein sett tydelege grensar for seg sjølv og kva man er i stand til å gjere. Det er positivt både for den enkelte tilsette, men også for organisasjonen for å sjå når nok er nok og dermed unngå turnover og sjukefråvær, legg ho til.

Foto: NTNU

Christensen fortel at det er ein stor auke i mentale problem i arbeidslivet i heile Europa, og at gråsona mellom arbeid og familie blir større.

Spesielt blir unge nye arbeidstakarar lette offer for ein slik type overpresteringskultur, seier ho.

– Arbeidstida trekker ut fordi du har tilgang til å svare på e-post og gjere arbeidsoppgåver heime. Dermed blir kanskje forventningane både hos leiar og tilsett endra til at ein kan gjere fleire ting heimanfrå.

Christensen seier det då blir ein ubalanse mellom krav og ressursar, som kan gi depresjon og angstsymptom, dårleg søvn og meir sjukefråvær.

Ho meiner mange arbeidsplassar har ei oppgåve å gjera med å bidra til å laga strukturar og retningslinjer som gjer at tilsette varetar balansen mellom jobb og fritid.

– Eg trur nok mange arbeidsplassar kan ha ein usunn kultur, som òg blir understøtta av leiar. Ein jobbar lengre enn ein skal, ein droppar lunsjen, svarer på e-post på kveldstid og liknande. Det er jo ein kultur som forplantar seg vidare nedover i organisasjonen.

Les også Håkon (18) skal hjelpe unge etter pandemien: – Vil løse reelle problemer

Ung grunder.

Meiner unge bør teste trenden

Marte seier ho skjønner godt at unge kastar seg på trenden.

– Mange føler seg nok svært overvelda, og fleire innser nok òg kva som eigentleg betyr noko for dei. Auka kunnskap rundt psykisk helse og personlege behov trur eg kan vere ein viktig bidragsytar, seier Marte.

Marte om quiet quitting.

ANBEFALT: – Ein kjem til å angre viss ein lèt alle «må-ting» gå utover det ein eigentleg ønsker og vil, seier Marta.

Foto: Line Fosser Vogt / NRK

23-åringen meiner alle unge har godt av å teste ut trenden - sjølv om ho skulle ønske den hadde eit anna namn.

– Det er litt negativt lada, så kva med å heller kalla det å bli litt flinkare til å sette seg sjølv først? Å tore å spørre seg sjølv: Kva gir meg glede og energi i kvardagen?

Kva synest du om trenden «quiet quitting»?

Flere saker fra Innlandet