Hopp til innhold

– Vi lager kunstig snø på måtar som øydelegg den naturlege snøen

LILLEHAMMER (NRK): Mange stader er det nå meir snø enn på fleire tiår. Likevel går snøkanonane i OL-anlegga på Lillehammer for fullt. – Galskap, meiner Naturvernforbundet.

Snøkanoner på Lillehammer, skistadion, OL-stadioen

ØYDELEGGJANDE: Thomas Cottis i Naturvernforbundet meiner produksjonen av kunstsnø øydelegg for den naturlege vinteren.

Foto: Knut Røsrud / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

På skistadion på Lillehammer går snøkanonane for fullt. Førebuingane til verdscuprenna i desember er alt i gang.

For sjølv om det knapt har vore meir snø i det tidlegare OL-anlegget, er det kunstsnøen som blir tatt vare på.

Lars Nes, avdelingsleder i Lillehammer Olympiapark

BETRE HALDBARHEIT: Avdelingsleiar i Olympiaparken på Lillehammer seier kunstsnøen har tettare vassinnhald, som gjer den meir haldbar enn natursnøen.

Foto: Knut Røsrud / NRK

– Vassinnhaldet i kunstsnøen er mykje høgare, og er dermed meir haldbar. Det å samle opp all natursnøen på parkeringsplassen her blir ikkje like bra og den vil ikkje vare like lenge, seier Lars Nes, avdelingsleiar i Lillehammer Olympiapark.

Kunstsnøen i Olympiaparken skal dekkast av sagflis slik at den ikkje smeltar på ti månader.

– Eit paradoks

– Det å lage kunstig snø, som skal køyrast utover og bli til kunstige skiløypar, betyr at vi lager kunstig snø på måtar som øydelegg enda meir av den naturlege snøen og den naturlege vinteren, seier Thomas Cottis, leiar i Hedmark Naturvernforbund.

Sykler for miljøet

ELSKAR SNØEN: Leiaren i Naturvernforbundet, Thomas Cottis, seier nordmenn elskar snøen og at vi derfor må gjere alt vi kan for å behalde den.

Han meiner det er eit paradoks at ein produserer kunstig snø.

– Det er vel eit tydeleg teikn på at vi eigentleg skjønar at global oppvarming har tatt eit ordentleg balletak på oss når vi ikkje lenger trur på at det kjem snø på vanleg måte, seier Cottis.

– Må ha snøreserve for å arrangere verdscup

Snøproduksjonen brukar om lag 25 000 kilowattimar, noko som er omtrent det same som årsforbruket til ein stor einebustad.

Nes i Olympiaparken meiner det ikkje er eit spesielt høgt forbruk, og seier dei er pålagt av FIS å ha ekstra snø i reserve.

– For at Lillehammer skal kunne ha arrangementet må vi ha snøreserve, og det jobbar med vi no.

Snøkanon Lillehammer

FULL FRES: Snøkanonane går for fullt på skistadion om dagen.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Cottis meiner snøen er viktig for nordmenn, og at det derfor er viktig å ta vare på den naturlege snøen.

– Hovudpoenget er at vi elskar snøen. Da må vi gjere alt vi kan for å behalde snøen, det gjer vi ikkje ved å bruke masse ressursar, diesellastebilar og gravemaskiner for å produsere kunstige skiløyper.

Flere saker fra Innlandet