NRK Meny
Normal

Flyplass i Sälen: – Som å tenne på huset for å halde varmen

Leiaren i Naturvernforbundet i Hedmark går hardt ut mot utbygginga av den nye flyplassen i Sälen som skal frakte skituristar til Noreg og Sverige. – Sjølvmotseiande, meiner han.

Scandinavian Mountains Airport

SCANDINAVIAN MOUNTAINS AIRPORT: Målet med flyplassen i Sälen er å skape ein sterkare region og auke turismen i området.

Foto: agnas ARK

Denne veka starta arbeidet med å bygge ein ny flyplass i Sälen, som ligg berre 40 minutts køyring frå Trysil.

Målet med den nye flyplassen er å frakte skituristar til Noreg og Sverige. Det meiner leiaren i Naturvernforbundet i Hedmark Thomas Cottis er håplaust.

– Det er eit utruleg sjølvbedrag. Det er ingen måte du forureinar klima meir og raskare på enn ved å fly. Det å frakte flyturistar for å stå på ski, det er som å tenne på huset for å halde varmen, seier Cottis til NRK.

– Snøen vil forsvinne

Sykler for miljøet

SJØLVMOTSEIANDE: Leiaren i Naturvernforbundet Thomas Cottis meiner at desto meir vi flyr, jo meir øydelegg vi snøen.

Cottis meiner det er paradoksalt at dei satsar på meir skiturisme når dei på same tid bygger ut for meir flytrafikk som vil føre til større utslepp.

– Snøen blir raskare borte, jo meir klimagassar vi slepper ut. At ein bygger ein flyplass for å gå på ski, er så sjølvmotseiande som det kan bli, seier Cottis.

Han meiner det vil øydelegge ressursen som turistane vil reise til.

– Jo meir vi flyr, jo meir øydelegg vi snøen vår.

Første spadetak på flyplass i Sälen

OFFISIELL OPNING: 10. oktober vart det første spadetaket teke for utbygginga av Scandinavian Mountains Airport i Sälen.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Stor optimisme i regionen

Under det første spadetaket tidlegare denne veka, var det stor optimisme blant aktørane.

– Eg gler meg til å sjå korleis det ser ut her om ti år. Heile regionen blir ein vinnar. Trysil er berre 44 kilometer unna flyplassen, og Hundfjället i Sälen er berre sju kilometer unna. Det finns ingen i Europa som kan konkurrere på tilgjengelegheit, sa direktør i Skistar i Trysil, Bo Halvardsson.

Den svenske næringsministeren Mikael Damberg meiner òg det vil skape fordelar på begge sider av grensa.

– Eg trur flyplassen vil føre til vekst i næringslivet og fleire arbeidsplassar både i Noreg og i Sverige, så begge landa er vinnarar her, sa næringsministeren.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Politimann siktet

    En politimann ansatt i Innlandet politidistrikt er i følge VG siktet for motarbeiding av rettsvesenet. Mannen ble i fjor dømt til samfunnstraff for råkjøring i sivil politibil. Fengslingsmøtet starter klokka 15 i ettermiddag.

  • Ny bank åpnet i Moelv

    For første gang siden 1923 ble det åpnet en helt ny bank i innlandsfylkene i dag. Næringsbanken skal i første rekke være en bank for små og mellomstore bedrifter i Innlandet, og har en egenkapital på 200 millioner kroner. På bildet ordfører i Ringsaker, Anita Ihle Steen og fylkesmann Sigbjørn Johnsen som klippet snora i Moelv.

    Næringsbanken åpnet
    Foto: ARNE TROLLDALEN / NRK
  • Oppdatering ulykke E6

    En person kjøres til Lillehammer sykehus for kontroll/behandling etter trafikkulykken på E6 (Krekke). De øvrige er uskadd, veien er ryddet, melder politiet.