12 smitta i Kongsvinger

Kongsvinger kommune melder at 12 personar er bekrefta koronasmitta i dag. Fem av tilfella er knytt til Marikollen skule. Skulen blir stengt no, og alle elevane må i karantene og blir testa. Fleire klassar ved Sentrum vidaregåande er også i karantene.