Innfører sjølvtesting ved behov
Alle kommunene i Hamarregionen har laga ordningar slik at innbyggarane kan hente utstyr for å koronateste seg sjølv. Det melder kommuneoverlege, Einar Sannerud Stødle.
I dag forsvann dei aller fleste koronarestriksjonane i landet og helsemyndigheitene har nedjustert TISK-strategien.
Det har vore fleire smittetilfeller på hedmarken den siste tida. Men no blir også smittesporinga nedjustert.
Kommuneoverlegen melder samstundes at alle som får symptom bør halde seg heime. Men no er hovudregelen for koronatesting, at ein tar sjølvtest.