Vulkanutbrot på Vestmannaeyjar 1973 luftfoto
Foto: Sigurjón Einarsson

Vulkanen sende 900 barn til Noreg

Ei heil islandsk øy måtte flykta for livet då vulkanen eksploderte i 1973. For hundrevis av barn vart det starten på eit heilt unikt band til Noreg.

– Eg trudde det berre var fyrverkeri. Men eg skjønte fort på far min at dette var alvor.

Natt til 23. januar 1973 eksploderer Vestmannaeyjar utanfor sørkysten av Island.

Magnús Bragason er berre sju år gamal då ein fleire kilometer lang sprekk opnar opp øya hans. Gloheit lava blir kasta fleire hundre meter opp i lufta og ei svart røyksky strekk seg kilometervis til vêrs.

Han og over 5000 andre på den vesle islandske øya er brått i livsfare.

– Eg såg at far var veldig redd. Han tok tak i meg og sa at «no må vi forlate heimen vår».

Noreg opna heimane

Dei dramatiske bileta av vulkanen gjekk verda over i januar 1973. Det utløyste ein enorm vilje til å hjelpa, der nordmennene raskt vart ein av dei viktigaste i nauda for sine venner i nordvest.

Det same året vart over 1000 barn frå Vestmannaeyjar invitert på gratis sommarferie over heile Noreg.

Guðrún Erlingsdóttir er ti år gamal då ho får heimstaden sin lagt i svart.

– Ferien i Noreg var dei to einaste vekene det året der eg kunne vera eit barn. Eg fekk springa og leika ute, og slapp å uroa meg over det som hadde skjedd heime.

For min del vil Noreg alltid vera i mitt hjarte. Vi på Vestmannaeyjar er utruleg takknemlege for hjelpa vi fekk

Guðrún Erlingsdóttir
Islandske barn på sommerleir ved Norefjell 1973

Nær 1000 islandske barn reiste på sommerferie til Noreg sommaren 1973. Her er nokre av dei samla på Norefjell. Sju år gamle Magnús Bragason i midten fremst.

Foto: Privat

Flykta frå alt

Ingen forventa at Heimaey, den største av Vestmannaøyene sør for Island, skulle eksplodera denne kalde januarnatta. Åtvaringane var ein serie med små jordskjelv, som knapt kunne merkast av befolkninga på øya.

Det var gått over 5 000 år sidan vulkanen Helgafell hadde hatt utbrot på øya. No fekk vulkanfjellet plutseleg eit nabofjell ut av ingenting, som truga med å dekke heile fiskelandsbyen i lava og oske.

Men få timar etter utbrotet, natt til 23. januar, var alle innbyggjarane evakuert. Ingen mista livet den natta.

– Flaks, meiner Magnus Bragason, som i dag er 50 år gamal og driv Hotel Vestamannaeyjar.

Dagen før utbrotet var det uvêr på havet, og byens mange fiskeskøyter bestemte seg for å bli liggande til hamn i staden for å reise ut på sjøen igjen. I tillegg bles vinden i gunstig retning då jorda eksploderte på austsida av øya og evakuering vart naudsynt.

– Alle tok seg ned til hamna og vart plassert i fiskebåtane som vi heldigvis kunne nytte oss av. Heile evakueringa såg kanskje organisert ut, det var nesten som om vi hadde trent på det. Men det var sjølvsagt ingen som organiserte det. Ingen trudde at noko sånt kom til å skje på øya vår, fortel Bragason til NRK.

Helgi Bragason og Magnus Bragason på Vestmannaeyjar rett etter at utbrotet var over

Magnús Bragason var tilbake på Vestmannaeyjar i juni 1973. Her sit han saman med sin yngre bror Helgi i ei gravemaskin, få dagar etter at utbrotet var slutt.

Foto: Privat

Vulkanen herja i fem månadar

– Folk oppførte seg utruleg roleg. Eg trur folk kanskje handla på autopilot fordi dei var i sjokk. Og det var jo bra at det ikkje braut ut panikk, for då veit eg ikkje kva som ville skjedd, fortel Guðrún Erlingsdóttir.

Det var onkelen hennar som vekte henne opp og fortalde kva all buldringa var for noko. Ho fortel om eit nydeleg syn då ho vart evakuert ut av hamna med båt.

– Det var fantastisk vakre og sterke fargar, og det var veldige drønn frå vulkanen. Men eg fekk ein pimpstein i hovudet og skjønte at situasjonen var farleg.

Både ho og mange andre trudde dei skulle segle ut av hamna og vente ute på sjøen til vulkanutbrotet var over.

– Eg tenkte då at dette var noko brannmennene skulle sløkke, og at vi snart fekk reisa heim igjen.

Vulkanutbrudd på Vestmannaeyjar i 1973

Lava vart kasta fleire hundre meter opp i lufta og innbyggjarane på Vestmannaeyjar måtte evakuera frå øya.

Foto: Aagaard, Rolf M. / Aftenposten

Men det skulle gå eit heilt år før Guðrún og familien kunne flytta tilbake til Vestmannaeyjar. Utbrotet var ikkje over før 160 dagar seinare, nærare bestemt 3. juli 1973.

I båten gjekk det etter kvart opp for Guðrún at dei no flukta frå øya, og at dei kanskje ikkje skulle tilbake nokon gong.

– Eg byrja å uroa meg veldig. Eg hadde jo ingenting med meg, berre det eg hadde på meg av klede.

Se NRKs Geir Helljesen stå midt i vulkanutbruddet på Island i 1973.

SJÅ VIDEO: NRKs reporter Geir Helljesen kom svært tett på vulkanutbrotet i 1973.

Flyktningar i eige land

Seglasen nordover til Thorlakshofn på «fastlandet», som er det øyfolket kallar Island, tok nokre timar i hard sjø. Gravide og eldre vart sende med fly, frå den vesle flyplassen sør på Vestmannaeyjar.

Igjen på øya var kring 300 menneske, som jobba hardt for å minske øydeleggingane frå vulkanen. Resten av Island var klare for å stille opp for dei over 5000 personane som no var flyktningar i eige land.

Guðrún hugsar at det var mat å få i heimane til folk i Thorlakshofn då kom dit tidleg på morgonen 23. januar. Dei fleste av øyfolket vart i løpet av dei neste dagane innkvartert hjå slektningar rundt omkring på Island.

Ødeleggelser etter Vestmannaeyjar-utbruddet i 1973

Det var store øydeleggingar på Vestmannaeyjar og mykje arbeid for islendingane etter utbrotet.

Foto: Sigurgeir Jonasson / FLPA

Alvorleg krise

Svært mange fekk heimane sine på Vestmannaeyjar øydelagd. Over 400 hus vart fullstendig knust og lagt under lava. Nær 80 andre hus vart langt på veg gravlagt av oske.

Ein straum av lava truga også med å stenge hamna. Det var kritisk, fordi dei aller fleste arbeidsplassane på øya var knytt til fisket.

Redningsarbeidarane jobba intenst med å kjøle ned lavamassane med sjøvatn og lukkast med det.

Vestmannaeyjar sjøvann for å kjøle ned lava masser

Redningsmannskapa brukte sjøvatn for kjøle ned og stogga lavamassane som truga byen.

Foto: Sigurjon Einarsson

Fisket, som var enormt viktig både for Vestmannaeyjar, men også for heile Island, var ille ute. Magnùs fortel at far hans difor vart verande ute på øya heile vinteren og våren.

– Tru det eller ei, men far og ein del andre jobba på fiskefabrikken i hamna. Dei frykta Vestmannaeyjar aldri ville kome seg på beina att, viss ikkje dei fekk fanga og selt kvoten det året.

– Mange, inkludert min far, reiste også tilbake til Vestmannaeyjar for å hente ting frå heimane sine, fortel Guðrún.

Brevet frå Noreg

Noreg og dei andre nordiske landa hjelpte Island med pengar og utstyr. Ifølge Røde Kors på Island kom det inn nær 200 millionar kroner (etter dagens kurs) i naudhjelp, og mesteparten kom frå nordmennene.

Islandske barn leker på Norefjell, sommeren 1973

Islandske barn leikar saman på Norefjell, sommaren 1973. Bak til venstre sit Adda Jóhanna Sigurðardóttir, som i dag er gift med Magnús Bragason.

Foto: Privat

– Noreg har alltid kome inn og bidrege med ein eller anna form for hjelp når vi opplever ei katastrofe. Det set vi stor pris på. Noreg er ein av våre beste venner i verda, seier tidlegare nordisk samarbeidsminister på Island, Siv Friðleifsdóttir.

Naudhjelpa gjekk mellom anna til bygging av aldersheim, sjukehus og hus på Vestmannaeyjar, samt barnehage og mellombelse hus i Reykjavik som øyfolket kunne bu i fram til dei kunne flytta tilbake.

Men fleire nordmenn tenkte at pengar ikkje var nok. Røde Kors og fleire andre organisasjonar i Noreg bestemte seg berre dagar etter utbrotet for å gjera noko for dei over 1000 barna frå Vestmannaeyjar.

– Eg hugsar vi fekk brev på skulen. Der vart vi invitert på sommarferie, gratis, i Norge. I løpet av våren hadde over 900 barn sagt ja. Eg trur ikkje nordmennene hadde rekna med at så mange ville komme, men dei fekk det til likevel, minnast Guðrún.

Begravde hus på Vestmannaeyjar

Godt over 400 hus vart lagt under lava og oske som følgje av vulkanutbrotet.

Foto: Sigurjón Einarsson

Ville avlasta foreldra

Å senda 909 islandske barn til Noreg, for veldig mange av dei var det første gang i utlandet, kan vera ein vrien operasjon. Fleire aviser i Noreg skreiv om ferieplanane, mellom dei Bergens Tidende:

«Invitasjonen til et to ukers sommeropphold i Norge (...) fikk en reaksjon som overgikk alle forventninger» skriv avisa 27. april 1973. Hans Høegh, som i 1975 vart president i Røde Kors, stod i spissen for tiltaket.

– Vi må skaffe oppholdssted til godt og vel 900 barn. Det kan bli vanskelig, men vi vil sette alt inn på å klare det, seier Høegh til BT og oppmodar nordmenn om å la barna frå Island få vera saman med deira eigne barn i sommarferien.

Tanken med hjelpa var å gi dei islandske barna ei positiv oppleving etter naturkatastrofen, samt å gi ei hjelpande hand til foreldra som måtte bruka sommaren på å rydda opp etter vulkanen.

Jeg synes det er meget hyggelig at islendingene fant å kunne motta denne sympatierklæring. Noe av hovedtanken bak den forespørsel vi foretok overfor den islandske ambassade var at vi håper å kunne avlaste barnas foreldre i denne perioden.

Hans Høegh til Aftenposten, 2.februar 1973

I utgangspunktet var det leirskulen på Husebyvangen som skulle nyttast til å husa barna frå Vestmannaeyjar, men sidan deltakinga var stor, vart barna plassert over heile landet. Fleire privatpersonar sa ja til å ta imot islandske barn på sommarferie, medan mange vart sendt til leirskular.

Ei oversikt som NRK har fått syner at barna vart sendt til Tromsø, Gjøvik, Husebyvangen, Kragerø, Langesund, Bergen, Norefjell og Oslo. Sommarferien varte i to veker for alle, og barna reiste i grupper utover i juni, juli og august.

Islandske barn klatrer i trær i Tromsø på norgesferie

Barna frå Vestmannaeyjar var spesielt interessert i alle trea i Noreg, for det var dei ikkje van med i heimlandet. Ti år gamle Guðrún står i treet til venstre.

Foto: Privat

Sterke minner

– Då bussen stogga, sprang alle barna ut og klatra rett opp i næraste tre. For tre, det hadde vi ikkje på Vestmannaeyjar!

Magnús tenkjer tilbake på sin første utanlandstur. Til Noreg og Norefjell utanfor Oslo. Berre sju år gamal, aleine utan mor og far. Det var sterke inntrykk som sit godt over 40 år seinare.

– Det er eitt av dei sterkaste minna eg har frå barndomen – å reisa frå den svarte øya vår og over til grøne og frodige Noreg. Det var så forskjellig som det gjekk an å bli. Det er noko eg vil huska heile livet.

Islandske barn spelar fotball på Norefjell, 1973

Fotball var ein av mange aktivitetar som barna fekk driva med i Noreg under ferien. Her frå Norefjell.

Foto: Privat

Familien hans hadde hus på vestsida av Vestmannaeyjar, og huset fekk ikkje særleg med skadar under vulkanutbrotet. Familien fekk difor flytta attende til øya i juni, før Magnùs reiste på sommarferie.

– Eg tykte det var svært spennande, og hadde som innstilling at eg skulle få så mykje ut av ferien som mogleg, fortel Guðrún.

Ho flaug til Tromsø saman med den eldste bror sin, medan hennar yngste bror på åtte år reiste til Norefjell i same gruppe som Magnús. I Tromsø vart ho teke imot av ein privat familie.

– Eg hadde aldri sett så mange tre. Det er alle trea barna hugsar, og at nordmenn åt utruleg mykje brød. Det var mange norske barn ved den garden der eg budde, og eg kunne leike med dei heile dagen. Det var fantastisk.

Traumatiserte foreldre

Vestmannaeyjar

Mange av dei islandske foreldra var uroa for å la barna reise til Noreg, samstundes som ein ikkje ønskte å takka nei til gjestfridomen frå nordmennene.

Dei vaksne sleit i lang tid med dei traumatiske opplevingane frå vulkanutbrotet. ​

Vi såg på nyheitene på TV kvar kveld og kunne sjå kor øydelagd landsbyen var. Det var frykteleg og eg merka på dei vaksne at dette var katastrofe.

Magnús Bragason

Han fortel at mor hans var skeptisk til å lata han reisa til Noreg som sjuåring.

– Ho sa eg var alt for liten. Eg grein og grein heilt til eg fekk lov, ler Magnús.

Guðrún hadde ein yngre bror på åtte år, og også deira mor var uroa.

– Far var sjømann og eg trur ikkje han hadde noko å sei på det. Men mor var ikkje veldig glad for ideen. Vi pressa på og fekk reisa til slutt.

– I dag spør vi oss om korleis dei kunne la oss dra på ein slik ferietur. Men vi kan ikkje setje oss inn i den situasjonen som våre foreldre var i då, seier Guðrún.

Fekk tenke på andre ting

Dei islandske barna fekk oppleva den norske sommaren, og Magnús og Guðrún fortel at det var alltid noko å gjera på.

– Vi leika i skogen, spelte fotball og gjorde masse gøy, fortel Magnús, som fann kjærleiken med ei som også var på leiren. Adda Jóhanna Sigurðardóttir var ni år då ho var i Noreg på ferie, og i dag er dei to gift.

Norske ferdighus blir bygd på Island etter vulkanutbruddet i 1973

Sidan barna var i Noreg på sommarferie, fekk islendingane tid til å byggje seg opp igjen etter vulkanutbrotet. Pengar frå dei nordiske landa gjorde at ein kunne byggje ferdighus på fastlandet til dei som trengde ein mellombels heim fram til Vestmannaeyjar var buandes igjen.

Foto: NTB scanpix

Sidan han var berre sju år, kunne lengselen heim til mor og far brått slå inn. Spesielt om kveldane når alle skulle sova.

– Ein eldre kamerat passa på meg. Han la seg i senga ved sida av, og heldt handa mi til vi sovna begge to.

– Eg skulle liksom gjere alt då eg var i Noreg, så eg var både høgt og lågt. Ein av dei første dagane braut eg armen min då eg fall ned frå eit tre, ler Guðrún.

Familien ho var hjå tok ho med ut på sjøen og opp på fjellet. Heile tida var det noko å gjera på.

– Eg fann ein fridom i Noreg. Det var dei to einaste vekene i 1973 at eg kunne vera eit barn. Eg kunne tenkje på andre ting og slapp å uroa meg over det som skjedde heime.

Det var sjokkerande å koma heim. Øya var blitt heilt svart.

Magnús Bragason

Hugsar ikkje noko

Magnus Bragason tilbake på Norefjell i 2013

Her er Magnús tilbake på Norefjell i 2013, 40 år etter den første turen som sjuåring.

Foto: Privat

Begge har stort sett berre positive ting å seia om sommarferien i Noreg, men langt ifrå alle dei islandske barna hadde det slik.

Det var vanskeleg å organisere sommarferien optimalt for alle, og mange søsken opplevde å bli plassert i forskjellige heimar eller på forskjellige leirar. Søsken som hadde tette band, kunne no ikkje prata saman på to veker om sommaren.

– Min veslebror, som var på Norefjell, hugsar ingenting frå 1973. Alt er fortrengt, fortel Guðrún.

Det er det fleire som fortel om. Dei veit dei har vore i Noreg, men var så unge at dei ikkje hugsar noko frå det.

– Nokre budde hjå eldre personar utan å ha andre barn å leika med, og det var vanskeleg å kommunisera på grunn av språket. Eitt barn opplevde også å bli mobba av det eldste barnet i familien han budde hjå.

Takknemlege

Guðrún Erlingsdottir

Guðrún Erlingsdóttir har i dag flytta frå Vestmannaeyjar, men studerer norsk ved universitetet i Reykjavik.

Foto: Rakel Guðmundsdóttir

Men for ho er opphaldet i Noreg noko av det ho er mest takknemleg for. I dag har 53-åringen flytta frå Vestmannaeyjar til Reykjavik, der ho studerer norsk. Ho har skrive bachelor-oppgåve om alle barna som vart sendt til Noreg den sommaren.

– For min del vil Noreg alltid vera i mitt hjarte. Og vi på Vestmannaeyjar er utruleg takknemlege for hjelpa vi fekk. Eg trur mange islendingar var så traumatiserte av det som hadde skjedd, at dei ikkje klarte å gi skikkeleg uttrykk for kor mykje dei sette pris på hjelpa som kom frå Noreg og andre land.

Magnús seier feriegåva frå nordmennene var svært viktig for mange.

– Eg elska den turen, det er i minnet mitt heile livet. Vi fekk ein ferie frå alle problema heime og vi hadde det så gøy.

– Det var veldig vanskelig for mange foreldre, som mista jobben sin og huset sitt vulkanutbrotet. At nordmennene strekte ut ei hjelpande hand då, er veldig mange glade for. Folk på Vestmannaeyjar har hatt eitt fantastisk forhold til Noreg sidan då.

Tidlegare samarbeidsminister Siv Friðleifsdóttir har norsk mor og islandsk far, og seier det framleis er svært sterke røter mellom Noreg og Island, over tusen år etter at nordmennene først busette vulkanøya.

Også då to snøskred slukte to bygder i Vestfjordane på 90-talet, stilte Noreg opp. Katastrofane som kravde mange menneskeliv, skjedde samstundes som dei to fiskerinasjonane var i ein årevis krangel om fiskerettar i Barentshavet.

– Islendingar er veldig opne for å ta imot hjelp. Både under Vestmannaeyjar og Vestfjordane var det islandske folket svært berørt og i sjokk. Hjelpa frå Noreg gjorde at vi kom oss fortare ut av krisene, seier Friðleifsdóttir.

Tilbake til Vestmannaeyjar

Vestmannaeyjar med dei to vulkanane

VULKAN-NABO: Slik er det på Vestmannaeyjar i dag. På austsida av byen ruvar dei to vulkanfjella Eldfell (t.v.) og Helgafell.

Foto: Christine Thomas / Flickrs/Creative Commons 2.0

Det var eit enormt arbeid med å gjera Vestmannaeyjar buandes igjen. Etter to år hadde 80 prosent av befolkninga flytta tilbake til øya. Det skulle likevel gå mange år før alt var som normalt igjen.

Bakken var varm i mange år etter utbrotet, og øyfolket utnytta lavamassane til oppvarming av hus. Vulkanutbrotet gjorde at øya vart nokre kvadratkilometer større. Den viktige hamna vart faktisk betre enn den var før, fordi den nye kystlinja gjorde den mindre utsett for vær og vind.

Familien til Magnùs Bragason var tilbake allereie i juni 1973.

– Det var sjokkerande å koma heim. Øya var no blitt heilt svart. Over alt var det fleire meter med oske og det var varmt å gå på bakken.

Han hugsar godt korleis det var å vera ein av dei første som flytta tilbake. Kvar kveld kunne han sjå at det kom fleire og fleire lys i husa rundt omkring på øya.

– Eg kunne sjå kven som hadde flytta tilbake, fordi dei tørka oska av dei svarte vindauga slik at det kom lys tilbake frå husa. Det var eit nydeleg syn.

Guðrún var ikkje tilbake på Vestmannaeyjar før det var gått eitt år.

– Det var ikkje den same staden som før. Butikkane var vekke og det var ikkje alle vennene mine som flytta tilbake. Alt var annleis.

– Men vi var heime igjen. Og det var det einaste som gjaldt.