Det meste kan kjøpast for pengar, også tittelen astronaut.
No vil Chess-gründer Idar Vollvik bruke éin av dei drygt 600 milliionane han tener på salet av teleselskapet sitt
på å sjå verdsrommet.
Idar Vollvik kan med dette verte Norge sin første astronaut.
Timepris = 1/2 mill
Idar Vollvik vil bli astronaut. Foto: NRK
Romskipet vert skote opp i Florida i slutten av 2007, og for litt over ein million kroner får Vollvik ei romferd på to timar, skriv Dagbladet.
For å kunne kalle seg astronaut må ein person vere 100 km opp i jordatmosfæren.
Det er ein gammal gutedraum som no blir verkeleg, seier Chess-sjefen, men korkje mor eller kone er spesielt glad for den høgst uvanlege snarturen til verdsrommet.