NRK Meny
Normal

Vitne på rasstaden: – Det ser fælt ut

Steinraset i Tokagjelet har knust både vegen og støypekanten på fylkesveg 7. – Tunnelportalen er heilt knust, seier geolog på staden.

Torkjell Kjosås køyrer fleire gonger dagleg gjennom Tokagjelet, som no blir stengd i mange dagar etter raset i går kveld.

Frå motsett side av gjelet ser han mot rasområdet.

– Det er ei svær blokk som har losna. Ho er diger. Blokka har knust vegen og delar av tunnelopninga. Det ser fælt ut, seier Kjosås til NRK.no.

NRK.no ble med Statens vegvesen i helikopter over rasstedet på fylkesveg 7. Se videoen her.

VIDEO: Rasstedet i Tokagjelet fra helikopter (Foto: Halvor Folgerø).

Største på fleire tiår

Kjosås seier det er fleire tiår sidan han har sett eit så stort ras i Tokagjelet.

– Det er berre flaks at ingen blei tatt. Det hadde jo ikkje vore mykje igjen av dei, seier han.

Raset gjekk i munninga på Snauhaugtunnelen på fylkesveg 7 mellom Norheimsund og Kvamskogen.

Tokagjelet er eit svært bratt og rasfarleg område. Så seint som i midten av mars gjekk det eit ras på gamlevegen.

Lokalkjende veit at området er farleg. Difor tek dei sine forholdsreglar når vêret tilseier auka rasfare.

– Vi legg oss litt ut, og har eit blikk oppover fjellsida, seier Torkjell Kjosås.

Han meiner gårsdagens ras endå eit bevis på at det ikkje er trygt å køyra på vegen.

– Dette er ikkje bra. Det treng ikkje vera slik, seier han.

Tunnelopninga og vegen er fullstendig knust etter raset i Tokagjelet på fylkesveg 7.

VIDEO: Slik ser det ut på rasstaden (Foto: Halvor Folgerø).

– Veldig alvorleg

Geolog Njål Farestveit i Statens vegvesen har vore på rasstaden sidan klokka 10.00.

Han blei vitne til eit svært omfattande ras.

– Dette er veldig alvorleg. Eg har sett litt på det og trur det er opp mot 300 kubikkmeter med massar, om ikkje meir, seier han til NRK.no.

– Det har sklidd ut like over tunnelopninga og fullstendig knust tunnelportalen og delar av vegbana, seier geologen.

Han stadfestar at heile Tokagjelet blir rekna som farleg.

– Strekninga står på lista over prioriterte strekningar for sikring mot ras, seier Farestveit.

Geolog Njål Farestveit fra Statens vegvesen beksriver raset på fylkesveg 7 i Hordaland. Foto: Halvor Folgerø

VIDEO: – Raset er veldig alvorleg, seier geolog Njål Farestveit i Statens vegvesen (Foto: Halvor Folgerø).

Må sikra fjellsida

No skal ekspertar frå Statens vegvesen opp i fjellveggen for å sikra rasstaden.

– Vi må først ha kontroll på terrenget der massane har sklidd ut. Eit reinskelag skal ha ein kontroll og inspeksjon av terrenget, for å sjå om vi kan jobba trygt utan fare for anna nedfall.

Når fjellsida er sikra kan ein etter kvart byrja å fjerna massane framfor tunnelopninga. Farestveit er ikkje i tvil om at arbeidet vil ta tid.

– Dette vil ta mange dagar, slår han fast.

Etter å ha sett området på med helikopter i 13-tida seier Farestveit at dei skal nærma seg området frå nedsida av rasstaden.

– Vi kjem ikkje til gjennom Tokagjelet, så vi må rundt på den andre sida, seier han.

Dette er omkøyringsvegane:

  • E16 om Voss
  • Fv 49 om Norheimsund mot Mundheim, deretter fv 48 til Eikelandsosen. Derfrå anten ferjesambandet Venjaneset-Hatvik, eller fv 48 vidare til Samnanger.
Kart Tokagjelet

FYLKESVEG: Vegen gjennom Tokagjelet er eit viktig samband mellom Bergen og Hardanger. No må bilistane køyra om Mundheim eller om Voss.

Foto: Skjermdump fra Google Maps