Smittevernlegen ønskjer seg konkret betre oversikt over kor mange som jobbar på fleire helseinstitusjoner samstundes.
Enklare å spora smittekjelda
Førebels er det uklart kor stafylokokk-smitten som har råka Ladegården Sykehjem stammar frå.
Illustrasjonsfoto
- Ein betre kontroll med kor helsepersonellet jobbar, vil gjera det enklare å spora smittekjelda, meiner smittevernlege Stig Hartug ved Haukeland sjukehus.
Største utbrotet nokonsinne
Utbrotet av den nye typen motstandsdyktige gule stafylokokkar er det største i Bergen nokon gong.
Tolv pasientar ved Ladegården sykehjem har fått påvist smitte. I tillegg er to av dei tilsette smitta. Ein av desse to var i eit kortvarig vikariat.
Fryktar spreiing til Haukeland
Situasjonen er alvorleg, og smittevernlege Stig Hartug meiner det er ein reell fare for at bakterieutbrotet kan spreia seg til Haukeland universitetssjukehus.
- Me prøver no å avgrensa bruken av dobbeltarbeidande mellom Ladegården og sjukehusa i Bergensområdet, fortel han.
Han kan enno ikkje seia noko om smitten kan ha kome frå tilsette eller ikkje.