Hopp til innhold

Krav frå seks ordførarar: – Hald valløfta dykkar!

Seks ordførarar i Hordaland har gått saman om å krevja at Bergen skal bli kopla på E134 over Haukeli. – Politikarane har vore positive. No krev vi at dei heldt løfta sine.

E134

KREV UTGREIING: Vegvesenet meiner ny veg frå Bergen til Odda saman med andre utbetringar på E134 vil føra til tre timar kortare køyretid mellom Bergen og Oslo. Kartet viser eitt forslag frå stiftinga Aksjon Bedre Vei.

Foto: Knut Olaf Sunde/ Vegforum Øst-Vest

Ordføraren i Kvam, Jostein Ljones, har gått saman med kollegaene i Kvinnherad, Odda, Jondal, Samnanger og Fusa om å krevja at stortingspolitikarane held det dei har lova før valet.

– Vi har eit storting som er samansett av politikarar som har vore positive til prosjektet. No krev me at dei heldt valløfta sine, seier Ljones.

Det er for å spara tid frå Bergen over Haukeli til Oslo, den nye vegen er naudsynt å få på plass, meiner ordførarane, som ser føre seg tre alternativ for strekninga:

  1. Gjennom Kvam og Fusa
  2. Gjennom Kvam og Samnanger
  3. Gjennom Sunnhordland

I førsteomgang krev ordførarane ei konseptvalutgreiing (KVU) for å sjå om prosjektet kan la seg gjennomføre.

– Dette er viktig fordi det er den kortaste vegen mellom aust og vest. Det er heilt avgjerande at vi får korta ned reisetida, seier ordførar i Kvinnherad, Peder Sjo Slettebø.

Ordførere skriv under

KRAV: Dei seks ordførarane i Kvam, Kvinnherad, Samnanger, Fusa, Jondal og Odda, har gått saman om å krevja at Bergen skal bli kopla på E134 over Haukeli.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Får støtte frå yrkessjåførar

Kvinnherad-ordføraren trur eit slikt prosjekt vil føre til betre vegar på sikt.

– Viss ein får trafikken mellom aust og vest inn på E134 vil ein få eit langt større trafikkgrunnlag og såleis ein langt betre veg, seier han.

LES OGSÅ: – E134-arm til Bergen vil auke samfunnsnytten

LES OGSÅ: Næringslivet krev E134-arm til Bergen

I fjor haust gjekk også Statens vegvesen ut med eit forslag om å byggje ny vegarm for E134 mellom Bergen og Odda. Vegvesenet trur reisetida kan kuttast med tre timar mellom Noregs to største byar.

Hans Arvid Austestad har vore yrkessjåfør i over 40 år. Han fortel at det er eit stort behov for ein raskare veg mellom Odda og Bergen.

Hans Arvid Austestad

– HAR VENTA LENGE NOK: Yrkessjåfør Hans Arvid Austestad, meiner ny veg mellom Bergen og Odda vil bli ein kjempefordel for han og kollegaene.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg brenn for Haukeli og ser fordelen med vegen over der. Vi må bygge solide, gode og trygge vegar, og vi må få med denne strekninga. No har vi venta lenge nok, seier han.

– Mest lønsame prosjekt nokon gong

Også Noregs lastebileigarforbund krev ei utgreiing av alternativet.

– E134 med arm til Bergen er det desidert mest lønnsame vegprosjektet i landet. Eg trur nokon gong. Det er så stor samfunnsøkonomisk nytte med å bygge armen at den må på plass, seier regionssjef Jan Ove Halsøy i Noregs lastebileigarforbund.

– Eg kan ikkje fatte at ikkje vi får oppstart på KVU på armen så snart som mogleg. Vi krev oppstart i 2018, det er fullt realistisk, seier Halsøy.