Hopp til innhold

Vil ha fleire tomter på Osterøy

Osterøybrua er nedbetalt – men den store byggeboomen lar venta på seg.
Kommunen legg ikkje godt nok til rette for at folketalet skal auka, meiner utbyggar.

Osterøybrua er nedbetalt – men den store byggeboomen lar venta på seg. Kommunen legg ikkje godt nok til rette for at folketalet skal auka, meiner utbyggarane.

VIDEO: Her kan du sjå reportasjen om bustadbygging på Osterøy. (Foto/redigering: Dag Harald Kvammen)

Valglogo

Nord Europas største innlandsøy ligg om lag 40 minutt frå Bergen. Men bustadtomter her er det alt for få av, meiner utbyggarar.

– Her heldt me no på med carportar til 12 leilegheiter som me bygger. Med heis – noko som er sjeldant på Osterøy, seier utbyggar Ove Håland dagleg leiar i Eigedom vest.

Ove Håland

UTÅLMODIG: Ove Håland ber om at kommunen legg til rette for fleire tomter på Osterøy.

Foto: DAG HARALD KVAMMEN / NRK

Han skulle gjerne ha sett opp fleire bustader, men meiner at Osterøy kommune er for treige og legg ut altfor få tomter.

– Skal me ta inn over oss at bergensarane vil her til, då må me vera klare til å ta imot dei. Me må jobba fortare og jobba med større vyar i tankane våre, seier

Ny kommuneplan

Men kommunen meiner dei er opne for fleire tilflyttarar.

– Me skal vedta ein ny kommuneplan mest sannsynleg på nyåret. Den ligg ute til høyring no. Der har me fått eit innspel om 400 nye byggeklare tomter, seier ordførar Kari Foseid Aakre.

Hjalta Heimir Gislasoner er tilflyttar og bygga nyleg draumebustaden – også han kunne ønska det var fleire folk i nærleiken.

Hjalti Heimir Gislason

LEIKEKAMERATAR: Hjalta Heimir Gislason etterlyser fleire familiar som kan slå seg ned i nabolaget.

Foto: DAG HARALD KVAMMEN / NRK

– Om det er ein ting min familie merkar og særskild ungane, så er det at dei gjerne kunne trengt fleire leikekameratar her.

– Går ikkje fort nok

Sjølv om Osterøybrua nå er gratis – er det framleis langt igjen til same tempo i befolkningsveksten som på Sotra, Askøy og Lindås.

Kari Foseid Aakre

Ordførar i Osterøy kommune, Kari Foseid Aakre (Ap).

Foto: Osterøy kommune

– Eg synest ikkje ting går ikkje fort nok. Det vert ikkje gjort nok verken på bustad eller næring i kommuneplanen. Ein må skru kraftig opp talet på tomter, seier Håland.

Ordføraren meiner brua må ta sin del av skulda for manglande vekst.

– Eg trur me må vera ærlege å seie at brua og bompengane har vore ein barriere. Den er no vekke. Også er det noko med at bergensarane trur det er kjekkare langs med vatnet, enn innover i landet. Men etter kvart oppdagar dei nok at Osterøy er veldig bynært og sentrumsnært.