Hopp til innhold

Vil la folk sove med framande for å spare miljøet

BERGEN SENTRUM (NRK): Reiser du åleine og vil ha sovekupé, må du betale for to senger. MDG trur fleire vel flyet og vil heller la folk dele kupeen.

Sovekupé på nattog

TOMANNSROM FOR EIN: I dag kostar det 930 kroner – pluss togbillett – for å sove i eigen kupé på nattoget i Noreg.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

I dag må ein booke ein heil tomannskupé til 930 kroner, sjølv om ein reiser åleine på nattoget. I tillegg må ein kjøpe vanleg togbillett.

– Det vert nok dyrt for mange. Eg saknar moglegheita til å bestille berre éi seng. For mange går det nok heilt fint å dele kupé med framande menneske, seier Sonde Båtstrand som sit i Bergen bystyre for MDG.

Han ønskjer å endre ordninga på norske nattog.

Sondre Båtstrand

DELE SOVEKUPE: Sondre Båtstrand (Miljøpartiet dei Grøne) vil at det skal vere mogleg å dele sovekupé med framande på nattoga.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Sov åleine eller sitt

Tidlegare kosta det 125 kroner for ei seng i ein tremannskupé. Men då NSB pussa opp vognene i 2004 la dei om ordninga.

Er etterspurnaden stor, blir sovekupeane raskt fylt opp.

Alternativet til sovekupé er å reise sitjande i vanleg kupé gjennom natta. Eller ta tidleg fly morgonen etter.

– Eg har opplevd at ein kar stod på perrongen med ein plakat der det stod at han hadde ei ledig seng i sovekupéen. Vi betalte halvparten kvar og fekk begge ei god natt søvn. Nordmenn flest spør nok ikkje framande om dei vil dele soverom ei natt, seier Båtstrand.

Han får støtte frå partikollega Eivind Trædal i Oslo.

– Det er betre å sove på rom med ein framand enn å forsøke å sove i ei vogn med 30 framande.

Laster Twitter-innhold

– Viss det ikkje er ledig seng, trur eg mange heller vel fly, seier Båtstrand som meiner det bør vera lønsamt å ta grøne val i kvardagen.

Han trur ei løysing er å la folk krysse av for at ein er villig til å dele kupé når ein bestiller, men at dei som vil ha eigen kupé framleis skal få tilbod om det.

Laster innhold, vennligst vent..

Diskuter gjerne deling av sovekupé på våre Facebook-sider

Få ville dele

Økonomiske problem var årsaka til NSB si omlegging i 2004, fortel pressesjef Åge-Christoffer Lundeby.

– For å betre situasjonen parkere vi det eldste materiellet, og pussa opp det nyaste. I dag bestiller ein tomanns sovekupé som eit hotellrom.

– Kva er grunnen til at de ikkje har opna opp for å bestille «ein halv» kupé?

– Vi gjorde eit grundig feltarbeid ved omlegginga, og stilte spørsmål til fleire kundar. Få syntest det var ein god ide å dele kupé.

Åge-Christoffer Lundeby

LÅG INTERESSE: – NSB sitt feltarbeid ved omlegginga i 2004 viste at få syntest det var ein god ide å dele kupé, seier pressesjef Åge-Christoffer Lundeby.

Foto: Bjørn Stuedal / NSB

Ifølge Lundeby har ikkje NSB vurdert å endre på ordninga sidan den vart lagd om.

– Toget blir nok noko fortare fullt enn det ville blitt elles, men vi får framleis gode tilbakemeldingar på at kundane ønskjer sitt private område, seier Lundeby.

Båtstrand er overbevist om at moglegheita for å reservere ein halv kupé vil få fleire til å ta toget. Han tar saka vidare til MDG si stortingsgruppe.