Hopp til innhold

Viking fekk sin revansje – vann cupfinalen mot Tromsø

Bergenslaget TIF Viking snubla i cupfinalen mot BK Tromsø i fjor. I ettermiddag henta dei heim kongepokalen.

TIF Viking vant cupfinalen i volleyball 2018

JUBEL: TIF Viking kunne feire sitt første NM-gull med nytt klubbnamn. For fleire av spelarane var dette deira femte kongepokal.

Foto: Eivind Pettersen

TIF Viking, tidlegare under namnet Nyborg, er ein mildt sagt merittert gjeng i volleyballsporten i Norge. Klubben har åtte kongepokalar, men ingen under det nye namnet.

I fjor tapte blåtrøyene NM-finalen mot BK Tromsø. I år har begge laga komme seg til cupfinalen nok ein gong.

Etter fire sett var cupfinalen 2018 avgjort. Bergensarane tok NM-gull med settsiffera 3–1 etter å ha tapt det første settet.

Sjå opptaket av kampen – produsert av Norges Volleyballforbund

Tok sin femte kongepokal

Kantspelar Ørjan Siljander (29) fortalde før kampen at Viking-spelarane var svoltne på revansje.

– Det er vanskeleg å forklare korleis det kjendest då matchballen gjekk inn. Det var utruleg herleg å få revansje, seier ein nøgd Siljander til NRK frå feiringa etter kampen.

Siljander har saman med libero Yngve Sundfjord (28), Kåre Helvik Morken og Kristian Mjelde Bjelland tatt sin femte kongepokal i dag.

– Denne heng veldig høgt. Vi har vore gjennom eit generasjonsskifte og mange har spådd at stordomstida vår var over. Derfor er det ekstra godt å motbevisa dei og bevisa til oss sjølve at vi framleis er veldig gode.

Det var i starten ein svært jamn kamp, der BK Tromsø trakk det lengste strået i eit jamt førstesett. I sett nummer to slo Viking kraftig tilbake og vann komfortabelt.

Overtaket fekk dei også i det tredje settet. I det fjerde settet vann Viking 25–22 etter ein solid matchball-serv frå Ørjan Siljander.

TIF Viking cupmestere i volleyball 2018

LUKKELEG GJENG: TIF Viking slo kraftig tilbake etter å ha tapt det første settet.

Foto: Eivind Pettersen

Dominert

Klubben skifta namn i 2016. TIF Viking har totalt tolv titlar i serie, cup og nordisk sidan 2009.

I dag vann dei sitt første NM-gull under det nye namnet. No er det nordisk meisterskap som står for tur for eit alltid sultent Viking-lag.

I slutten av januar møter dei Tromsø igjen, samt Randaberg og danske Marienlyst.

Tidlegare i dag spelte kvinnene cupfinale i Ekeberghallen. Der vann Førde volleyballklubb over Oslo Volley.