Hopp til innhold

Venner og kjente vart vitne til at Espen styrta i døden: – Viktig å samlast og snakke om det

Voss fallskjermklubb er i sorg etter tapet av den mangeårige instruktøren. Sundag kveld heldt medlemmane minnestund ved ulukkesstaden.

Espen Wigemyr

IVRIG FALLSKJERMHOPPER: Espen Wigemyr hadde rundt 1.500 hopp og hadde holdt på med fallskjermhopping i sju år.

Foto: Sindre Espejord

Det var 25 år gamle Espen Wigemyr som mista livet i fallskjermulukka på Vangsvatnet på Voss laurdag kveld.

Den omkomne var opphavleg frå Kristiansand, men hadde vore tilknytt Voss fallskjermklubb som instruktør i fleire år.

– Espen hadde rundt 1.500 hopp. Han har vore medlem av klubben lenge, og hoppa i fallskjerm i sju år, fortel dagleg leiar Andreas Håland Hemli.

Hemli fortel at Wigemyr var lidenskapeleg opptatt av sporten, og at han budde i klubbhuset under sesongen.

– Vi har eit godt miljø. Hoppinga gir store og sterke opplevingar som knyt oss tett saman.

I dag tok dei andre medlemmane opp att hoppinga utan Wigemyr.

– Vi utfordrar oss sjølve kvar dag, og Espen hadde stor lidenskap for dette. Han hadde ynskt at me skulle hoppa vidare, og det ynskte familien også.

Voss fallskjermklubb minnestund etter dødsulykke

ROSER VED VANGSVATNET: Sundag kveld heldt fallskjermklubben ny minnestund saman med Wigemyrs familie.

Foto: Andreas Håland Hemli

Trefte overflata i stor fart

Denne helga var det sesongavslutning på Voss og over hundre medlemer i Voss fallskjermklubb var til stades. Difor var det også mange vitne til ulukka, som skjedde like over klokka halv åtte laurdag kveld.

Wigemyr og ein kollega skulle gjennomføra ei høghastigheitslanding, eit såkalla swoopinghopp.

25-åringen klarte ikkje fullføra svingen som skulle gi han fart langs vassoverflata. I staden trefte han vassflata i høg fart, fortel fagsjef for fallskjerm i Norges luftsportsforbund, Jan Erik Wang.

– I slike hopp samlar hopparane fart ved å gjera ein 720 graders sving under skjermen, for så å flata ut over vatnet og landa på flåten. Den første hopparen klarte det, medan han som omkom ikkje klarte avslutta svingen og gjekk i vatnet med veldig stor kraft, seier Wang.

Han tør ikkje anslå kva hastigheit det er snakk om, men poengterer at skadepotensialet i alle tilfelle er høgt.

– Om hopparen er halvvegs gjennom svingen, så møter han vatnet i det han har brystet mot vassoverflata. Dersom ein fallskjermhoppar først får avslutta svingen ein halvmeter under overflata, betyr det i alle tilfelle alvorleg skade.

Wang seier at det var to røynde hopparar som hoppa i lag.

– Han som hoppa først er ein av våre mest erfarne konkurransehopparar og var meir erfaren og rutinert enn hopparen som omkom.

Fallskjermhopper havnet i Vangsvatnet på Voss

FØRSTEHJELP: Wigemyr blei redda ut av Vangsvatnet i ein båt og fekk livreddande førstehjelp på staden. Seint laurdag kveld melder politiet at mannen er død.

Foto: Bjørn Sandnes

Heldt ny minnestund sundag

Faren til den omkomne heldt laurdag kveld tale på minnestunda fallskjermklubben arrangerte. Familien til Wigemyr har vore på fallskjermklubben også sundag, og snakka om kor viktig sporten var for sonen.

– Mange kjente han godt, og fleire har det tungt. Då er det er viktig å samlast og snakka om det, seier Hemli.

Sundag kveld var klubbmedlemmane og familien samla ved Vangsvatnet for å legga ut roser.

– Det er tungt. Til tider skjer det og det er vanskeleg å unngå heilt, men vi jobbar med trening og tryggleiksarbeid kvar einaste dag.

Granskar ulukka

Det er Vest politidistrikt ved Indre Hordaland lensmannsdistrikt som etterforskar ulukka. Laurdag kveld gjorde politiet undersøkingar av utstyret og samla inn videomaterialet. Det fatale hoppet er fanga på film.

– Me har også fått stilt til disposisjon videoar som gir oss eit godt bilete av begge hoppa, seier Wang.

Luftsportsforbundet har allereie sett ned granskingskommisjon, slik dei gjer ved alvorlege fallskjermulukker.

– Politiet har utstyret til den døde. Det vil me få tilgang til om me treng det.

Wang avviser at det var snakk om utstyrsfeil.

– Begge hopparane hadde skjermane ute og svinga med dei. Sistemann har bomma på innflyginga og ikkje kome ut riktig før landinga.

Espen Wigemyr

MINNES ESPEN: Fallskjermklubben minnes en person med stor lidenskap for sporten.

Foto: Privat