Hopp til innhold

Vegrar seg for å investera i radonsikring

Det kan vera vanskeleg å få folk til å sikra husa sine mot radon.

Radonmåling

RADONMÅLING: Tidlegare i år blei det kjent at det i Kinsarvik er opp mot 50.000 becquerel med Radon. Eit gjennomsnitt på 200 becquerel er grensa for det som blir rekna som trygt.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

Radon er ein farleg gass som kan vera kreftframkallande.

Tidlegare i år blei det klart at Kinsarvik i Ullensvang herad har blant dei høgste konsentrasjonane av denne gassen i heile Europa.

John Ove Rørnes er no tilsett som prosjektleiar for radonsikring i Kinsarvik. Han opplever at det kan vera vanskeleg å overbevisa folk om at radonsikring er viktig.

Radon blir for lite handfast

– Radon er eit vanskeleg problem i og med at det er ein gass som du verken kan sjå, lukta eller ta på, seier Rørnes.

– Naturfarar som skred og flaum er mykje meir handfast i og med at ein kan sjå det. Då er det lettare for innbyggjarane å forstå at her må me gjera nokre tiltak. Den situasjonen får du ikkje med radon, forklarer prosjektleiaren.

LES OGSÅ:

Må gjera tiltak på hus

Kinsarvik

Kinsarvik i Ullensvang herad.

Foto: NRK

Då den høge radonkonsentrasjonen i Kinsarvik blei kjent åtvara Statens strålevern folk mot å opphalda seg i Kinsarvik over lengre tid. Men sikringsarbeidet kan vera komplisert.

– Det er ikkje store opningar som skal til får du får innsig av radonluft. Det er først og fremst på dei eksisterande bustadane det er store utfordringar. Ein må gjera tiltak på husa for å ned radoninnhaldet i lufta. Det som då er viktig, er kor godt bygget er bygd i forhold til tettleik mot grunnen, seier John Over Rørnes.