Han lover ein like stor mobilisering som mot flybombinga på Mjølfjell, dersom rakettskytefeltet øydelegg for sjansen til å kome med på den eksklusive verdsarvlista.
Ingen svar å få
Fleire og fleire er uroa for konsekvensane av det planlagde rakettskytefeltet i Brandsetdalen. Vil rakettskyting spolera Nærøydalen sin sjanse til å koma på UNESCO si svært attraktive verdsarvliste? Dette har både Stalheim Hotell og Skjervheimseminaret prøvd å få svar på hjå Forsvarsdepartementet utan å lukkast.
Vil undersøkja saka
Dei fleste trudde den allierte rakettskytinga mot tanks og bakkemål i Bjørndalen, inst i Brandsetdalen vart skrinlagt i sommar. Saman med flybombinga på Mjølfjell. Men fordi området er unikt med ein fjellvegg som stoppar rakettane har forsvaret framleis ambisjonar om rakettskytefelt.
Held kortene tett
Dei vil berre ikkje lenger snakka om det. Forsvarsdepartementet har igjen lagt seg på den litt arrogante linja. Dei svarar helst berre per e-post.
Dersom rakettskytinga er eit problem i forhold til verdsarvlista vil Vossaorføraren igjen slipa knivane. Han er førebudd på å måtte mobilisera til ny kamp.