– Vår rolle har vore fremstilt feil

For Anders og Malene har det vore ei vanskelig tid etter at skuleoppgåva deira avsløre narkobruk blant skuleelevar.

Anders Hjelmaas og Malene Tonheim

UNDERSØKTE NARKOBRUK BLANT ELEVAR: Anders Hjelmaas og Malene Tonheim spurte 700 elevar på vidaregåande skular i Bergen om narkobruk. Det var blant anna svara dei fekk som førte til ei omfattande politiaksjon mot skuler i byen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Vi har ikkje namngitt nokon. Vår rolle har vore framstilt feil, seier dei to elevane som avdekka kor mange unge som har prøvd narkotika.

Undersøkinga Anders Hjelmaas (18) og Malene Tonheim (18) gjorde blant bergenselevar i fjor, medverka til at politiet arresterte om lag 40 elevar i februar, og mange politikarar i Høgre og Unge Høgre er no sikta eller mistenkt.

– Oppgåva avdekte stort omfang av hasjbruk blant elevar. Det var noko vi måtte ta tak i, sa politistasjonssjef Morten Ørn i Fana til Bergens Tidende.

Framstilt rolla feil

Anders og Malene meiner politiet og media har framstilt deira rolle feil.

– Måten media har framstilt oss på, har ikkje vore så positiv. Vi har sjølvsagt fått mykje skryt, men vi har også blitt framstilt som at vi har utløyst aksjonen og er syndebukkane for at folk har blitt tatt her i Bergen. Det er feil, forklarar Malene.

Hjelpte ikkje politiet

Fleire trur at undersøkinga vart gjort i samarbeid med politiet, men det avkreftar dei to elevane.

– Det vart ikkje gjort i samarbeid med politiet, men politiet har brukt undersøkinga i ettertid, seier Anders.

I tillegg går det rykte om at dei hjelpte politiet med å finne dei som vart tatt.

– Det stemmer ikkje. Undersøkinga var 100 prosent anonym, så vi veit ingenting om nokon, forklarer Malene.

– «Kva har de gjort?»

– Det har vore ein berg- og dalbane. Fyrst var oppturen at vi hadde oppnådd noko med undersøkinga, men så snudde det fort. Det kjentest som at vi hadde gjort noko negativt, seier Anders.

Elevane har møtt mykje motstand etter at undersøkinga vart offentleggjort.

Anders forklarar vidare.

– Fyrst fekk vi reaksjonar frå folk i klassen som «kva har de gjort?» og «er de ikkje redd for at nokon skal ta hemn?», og då byrja ein jo å tenkje på det, og tru på det sjølv, forklarer Anders.

– Ønskja god karakter

Dei to elevane går på Sandli vidaregåande skule. Her hadde dei fått ei oppgåve om å gjere ei undersøking i sosiologi-faget.

– Vi ønskja berre å prøve å få god karakter, vi, seier Anders.

Sjølv om dei har opplevd mykje negativt, har det også vore ei positiv oppleving.

– Undersøkinga viser korleis det står til med ungdommen her i Fana, og deira rusvanar. Vi kom på bana med overraskande tal, og var med å setje det på dagsorden. Dette er noko vi har lært utruleg mykje av, seier Malene.

Dei håper no at resultata deira skal vera med å gje langtidseffektar og førebyggje narkotika blant ungdom.

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.