Hopp til innhold

– Vi lurer alle på kva som skjedde

Det rår uvisse i Framstegspartiet etter byråd Gunnar Bakke sin avgang. Måndag kveld møtast dei for å prøve og finne ut kva som har skjedd.

Tor Woldseth Frp

FORUNDRA: Framstegspartiet sin gruppeleiar i byrådet i Bergen, Tor Woldseth, fortel om stor uvisse i partiet etter byråd Gunnar Bakke (Frp) sin avgang.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Natt til måndag informerte byråd i Bergen, Gunnar Bakke (Frp), om at han trekkjer seg som byråd. Bakgrunnen skal vere ein personkonflikt mellom han og byrådsleiar Ragnhild Stort-Nielsen.

No må Frp finne ut kvar vegen vidare skal gå. Måndag kveld skal partiet møtast til eit informasjonsmøte for å gjere nettopp dette.

– Det er ganske nytt for oss, så vi må få lov å setje oss ned og snakke saman, og så får vi kome tilbake igjen til det, seier Frp sin gruppeleiar i Bergen bystyre, Tor Woldseth.

Vil ikkje spekulere

Han synest det er trist at Bakke trer ut av byrådsstillinga.

Gunnar Bakke

GÅR AV: Byråd for idrett, kultur, næring og kyrkje, Gunnar Bakke (Frp), melde sjølv om sin avgang via Facebook.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Det er ein politikar eg har kjent i tjue år. Han har hatt mange tillitsverv, han har vore ordførar i Bergen og fylkesleiar i veldig mange år. Han er ein dyktig politikar på mange måtar, seier Woldseth.

– Det er ein spesiell dag, og vi lurer litt på kva som skjedde, alle saman. Det er ein trist dag.

Men han vil ikkje seie så mykje meir om kvifor Bakke trekkjer seg. Bakke fortalde sjølv via Facebook at det handla om usemje om vegval knytt til konkrete saker. Woldseth veit ikkje kva saker det er snakk om.

– Det blir veldig mykje spekulasjonar, så det må Bakke snakke om. Dette er eit forhold som vi ikkje har noko kjennskap til, og då blir det berre rykte. Det vi veit er at det handlar om eit forhold mellom Bakke og byrådsleiaren og det er det vi steller oss til førebels, seier Woldseth.

– Ikkje illojalt med ny bybanerapport

Det har vore spekulert i om Frp si bestilling av eigen bybanerapport har samanheng med at Bakke no vel å trekkje seg, men Woldseth meiner ikkje dette var illojalt.

– Vi lurte på om den løysinga gjekk an, og bad eit ingeniørfirma om dei kunne sjå på om det let seg gjere. Det gjorde vi, og vi sende det som eit innspel til byrådet, seier han.

– Burde de ha informert samarbeidspartnarane?

– Det er det store spørsmålet, og i mi verd var det ein idé som vi hadde, og vi lurte på om det let seg gjennomføre. Og då vi fekk svaret informerte vi, seier han.

Samlar partiet til møte

I kveld møtast partiet for å forsøke å finne ut kva som har skjedd.

– Det blir meir informasjon om kva som har skjedd, og vi vil forsøke å samle troppane, slik at dei ikkje får all informasjon stykkevis frå pressa, seier Woldseth.

– I dag er vi forundra, og lurer, og prøver å leite etter ein eller anna grunn. Det er Ragnhild Stolt-Nielsen og Gunnar Bakke som har svaret på denne gåta, seier han.

Tor Woldseth trist og overrasket etter Gunnar Bakkes avgang.

TRIST: Frp sin gruppeleiar i bystyret, Tor Woldseth, meiner Bakke sin avgang er trist.