Hopp til innhold

Uventa slutt på Barnas fredsprisfest i dag

Skuffa ungdomar fekk aldri snakke med Malala Yousafzai.

Barnas fredsprisfest

GRIEGHALLEN: Redd Barna arrangerte i dag Barnas fredsprisfest i Grieghallen i Bergen. Her stod mellom anna Fargespel på scenen.

I samband med utdelinga av Nobels fredspris i Oslo i dag, blei 1200 barn invitert til ein eigen fredsprisfest i Grieghallen i Bergen, i regi av Redd Barna.

Eit naturleg høgdepunkt for dei 1200 barna skulle bli samtalen med Malala Yousafzai via videolink frå Oslo.

LES OGSÅ: Malala Yousafzais nobeltale

Hermine Myrvold Brunner var ein av programleiarane under fredsprisfesten i dag, og hadde klart eit spørsmål til den unge fredsprisvinnaren.

Men videomøtet gjekk ikkje etter planen. Fredsprisvinnaren hadde tett program, og då dei gjekk over tid i Oslo, blei ho bedd av tryggingspolitiet om å avslutte og måtte gå før ho fekk møte barna i Bergen.

Sjå video frå Barnas fredsprisfest øvst i saka