Normal

– Vi leitar eigentleg etter nåla i høystakken

Leitemannskap søkte i kveld gjennom nye område i Voss sentrum etter Eivind Olav Gil Ottesen (61), men utan resultat.

Created by InfoDispatcher

FLEIRE DELTEK: Røde Kors har kalla inn fleire hjelpekorps i distriktet til leiteaksjonen etter den sakna 61-åringen på Voss.

Eivind Olav Gil Ottesen

SAKNA: Eivind Olav Gil Ottesen (61) frå Åsane er meldt sakna på Voss.

Foto: Privat/politiet

Tysdag ettermiddag bad Røde Kors om bistand frå fleire hjelpekorps i distriktet. Det var hjelpekorpsa i Vaksdal, Voss, Eidfjord, Vossestrand, Kvam og Finse som fekk førespurnad om å stille med mannskap for å leite etter den sakna 61-åringen frå Åsane.

Eivind Olav Gil Ottesen har vore sakna sidan natt til sundag. Han vart sist sett i Voss sentrum klokka 02.20, men har ikkje returnert til hytta si i Bavallen.

Utvida søkeområdet

I går vart det søkt med helikopter langs riksvegen til Granvin, samt at ein på kvelden gjorde nye søk i området rundt Skulestadmo og Skjerpe. Leitinga vart avslutta då mørket fall, men vart tatt opp att i dag tidleg.

NRK får opplyst av operasjonssentralen at planen er den same i dag, nemleg å leite så lenge det er dagslys.

– Me har heile Voss som leiteområde. Utover ettermiddagen får me nye mannskap frå Røde Kors medan Sivilforsvaret held trykket oppe. Me kjem til å gjera nye søk utover kvelden i områda Tvildemoen, Haugamoen og Nyre, sa lensmann Ivar Hellene til NRK tysdag ettermiddag.

Desse områda ligg aust for Voss sentrum (sjå kart nedst i saka).

Framleis sakna

Klokka 20.30 tysdag kveld har leitemannskapa avslutta for dagen.

– Me har framleis ikkje funne den sakna, seier lensmann Hellene til NRK.

Leitemannskapa sit no i møte der ein summerer opp dagen, og legg planen for korleis leitinga skal halda fram onsdag. Lensmannen veit førebels ikkje korleis og kor leitinga vil gå føre seg i morgon, eller kor mange som skal delta.

– Som å leite etter nåla i høystakken

Savnet Voss Bavallen

Den 61 år gamle mannen kom ikkje tilbake til hytta si i Bavallen etter ein tur til Voss sentrum natt til søndag.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Leitemannskapa har i heile dag søkt gjennom hagar og hus, frå Lydvo og heile vegen til Ringheim utan resultat. Ut på kvelden har ein også søkt gjennom bustadområde aust for Voss sentrum.

– Me hadde jo håpa me skulle finne han, men det har vist seg å ikkje vera så lett. Me leitar eigentleg etter ei nål i høystakken, seier Hellene.

Han syner til at 61-åringen har ein sjukdomshistorie som gjer at han kan bli desorientert om tid og stad.

– Han kan ha teke ein anna veg enn det som er normalt. Vi oppmodar alle i Voss kommune til å ta ein kikk i hagar, uthus, bodar og så vidare for å sjå om han er der. Han kan vera i ein situasjon der han treng han hjelp.

Publikum kan tipsa politiet på 02800.

Laster kart, vennligst vent...