Hopp til innhold

Politiet: – Mann funnen død i Kvanndal

Leitemannskap har gjort funn av ein død mann i sjøkanten på vegen mellom Kvanndal og Lussand.

Søk etter savnet 61-åring i Kvanndal

LEITEAKSJON: Store leitemannskap har i fleire dagar leitar etter den sakna 61-åring. Torsdag vart ein person funne omkomen langs sjøen mellom Kvanndal og Lussand.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

– Alt tyder på at det er den sakna som no er funnen, seier lensmann Ivar Hellene til NRK.

61 år gamle Eivind Olav Gil Ottesen har vore sakna frå hytta si i Bavallen på Voss sidan natt til søndag. Sidan har ein større leiteaksjon vore i sving for å finna 61-åringen.

Personen som er funnen omkomen vart funne i ulendt terreng nede ved sjøkanten på vegen mellom Kvanndal og Lussand. Funnet vart gjort klokka 13.50.

Hellene seier det ser ut til å vera ei fallulukka som er årsaka til dødsfallet.

– Dei pårørande er varsla, held Hellene fram.

Sakna sidan natt til søndag

Gil Ottesen vart meldt sakna då han ikkje var på hytta si søndag. Lenge var siste vitneobservasjon utanfor Park Hotell i Voss sentrum.

Onsdag byrja politiet å konsentrere leiteaksjonen til Kvanndal etter at ein bilist fortalde politiet at han same natta hadde køyrt ein person som kunne vera den sakna til ferjekaien i Kvanndal.

Den omkomne er enno ikkje offisielt identifisert, men Gil Ottesen er den einaste som er sakna i området. Det var ein hundeekvipasje som gjorde søk langs sjøkanten som fann den omkomne i dag.

– Vedkommande blir henta ut ved hjelp av båt, og ein krimteknikar vil gjera naudsynte undersøkingar. Deretter vil den omkomne bli sendt til obduksjon, avsluttar Hellene.

savna på voss