NRK Meny
Normal

– Leiga gjekk frå 13.000 til 140.000 på eit år

Bergen kommune har tidobla prisen for areal til uteservering. Ved inngangen av august var ein fjerdedel av uteserveringane borte.

SJÅ VIDEO: Ved inngangen av august var ein fjerdedel av uteserveringane i Bergen borte.

For fyrste gong på sju år, må alle gjestene til Smakverket kafe i Bergen sitte innandørs. Etter at trafikketaten i kommunen tok over ansvaret for uteserveringa, blei leigeprisen for utearealet til Smakverket tidobla.

No har dei måtte fjerne bord og stolar, og eigar av Smakverket AS Olav H.W Egeberg må forklare gjestene kvifor uteserveringa er borte.

– I fjor betalte me i underkant av 13.000. I år måtte me for tilsvarande tilbod betalt 140.000 kroner. Til den prisen måtte me ha stengt dørene, me har ikkje pengar til det, seier Egeberg.

Tomt på uteserveringa til Smaksverket

TOMT: Uteserveringen til Smaksverket er borte vekk. Leigeprisen vart for høg.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

Ein fjerdedel av uteserveringane forsvann

Bergen har mista fleire uteserveringar etter at Trafikketaten overtok ansvaret for ordninga. Ved inngangen til august var det 25 % færre godkjente uteserveringar i Bergen enn i fjor. Talet er noko høgare no, men inne i kafeen fryktar de likevel at bergensarar får eit dårlegare tilbod, med det nye regime.

– Viss ein tek vekk alle uteserveringane, så døyr byen. Me prøver å skape stemning og tilby turistane ein vibrerande by, seier Egeberg.

Olav H.W Egeberg

Olav H.W Egeberg, eigar av Smakverket AS.

Foto: NRK

– Ikkje mål om å få vekk nokon

Den nye sjefen for uteserveringa er Øyvind Haga, fagdirektør i trafikketaten i Bergen kommune.

– Me har ikkje noko oppgåve eller mål om å få vekk nokon. Me skal berre sørge for at det skjer i ordna former, seier han.

Prisane vert rekna ut frå talet på kvadratmeter ein har behov for og er ikkje endra eller innskjerpa frå i fjor. Men tidlegare betalte serveringsstadane for dei månadane dei ønskte å bruke utearealet. No må dei betale for heile året.

– Eg vil nok ikkje tru at me har ei hardare framferd. Det me har som me ikkje har hatt tidlegare er ei oppfølging som dei andre etatane ikkje har, seier han.

Øyvind Haga

Øyvind Haga, fagdirektør i trafikketaten i Bergen kommune.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.