Turistar kom tett på ras ved E16: – Vi blei veldig redde

Dei tyske turistane fekk kjenne på naturkreftene då dei var på ferie på Vestlandet.

Jana Asmusssen og datteren Clara fikk oppleve naturen på nært hold på en campingplass i Gudvangen.

RAS: Jana Asmussen og dottera Clara fekk oppleve naturen på nært hold på ei campingplass i Gudvangen.

Tyske Jana Asmussen (52) og dottera Clara (25) har vore på reise gjennom Noreg denne sommaren.

På vegen har dei opplevd midnattssola i nord og Trollstigen i Møre og Romsdal. Men desse naturopplevingane var ingenting mot opplevinga på ein campingplass på Vestlandet søndag.

Då fekk dei orkesterplass til eit større ras like ved rasutsette E16, mellom Stalheim og Gudvangen.

– Vi slappa av og beundra dei høge fjella. Plutseleg kjende vi ei veldig risting, ikkje heilt som eit jordskjelv, men veldig kraftig. Først trudde eg det var steinar i elva, men då eg såg opp losna ein stor stein frå fjellet, seier Jana Asmussen.

Jana Asmussen og dottera Clara

TURISTAR: Jane Asmussen og dottera Clara er på ferie i Noreg denne sommaren.

Foto: Privat

– Vi blei veldig redde

Ho skreik til dottera og fekk opp telefonen og begynte å filme.

– Steinen fall ned og plutseleg kom det ei svær støvsky mot oss. Det var surrealistisk, som i ein film. Vi blei veldig redde, for vi har ikkje opplevd noko slikt før. Eg visste ikkje om vi var trygge, seier Asmussen.

Støvskya spreidde seg over dalen og låg der i rundt ein time, ifølgje ho.

– Det lukta vått støv og smakte som stein og krit.

Laster kart, vennligst vent...

GUDVANGEN: Raset gjekk oppi fjellsida, like sør for E16, vest for Gudvangen. Turistane stod på andre sida av vegen og filma.

Ved rasutsett veg

Raset var på sørsida av E16, ein av Noregs viktigaste vegstrekningar. Vegen er veldig rasutsett, og strekninga mellom Bergen og Voss blei i fjor kåra til Noregs verste veg.

– Det er veldig skremmande at dette er så nære vegen. Bilane køyrde forbi og må ha sett støvskya seinare. Men eg vil tru at når ein bur der er man meir kjend med slike situasjonar, men eg er ikkje det, seier Asmussen.

– Vi gjekk ned til eigaren av campingplassen, som sa at dette skjer kvart tredje eller fjerde år, seier ho.

Turen på Vestlandet kjem dei to ikkje til å gløyme.

– Eg sende videoen til nokon av venene mine heime, og dei sa berre «wow» og spurde om det gjekk bra med oss.

Sjå heile videoen Jana filma:

Jana Asmussen filmet da det raste like ved E16 i Gudvangen.

SJÅ HEILE VIDEOEN: Jana Asmussen dokumenterte det store raset i Gudvangen ved E16.

Vegtrafikksentralen registrerte stort ras

Vegtrafikksentralen fekk melding om raset søndag, og omtalar raset som stort.

Dei valde likevel ikkje å rykke ut med entreprenør.

– Vi fekk melding om at det hadde vore eit svært ras som ikkje nådde vegen. Det var oppi fjellsida, så det kom aldri noko ned på E16, seier Idar Sangolt ved Vegtrafikksentralen.

Han seier at det ikkje er ofte det går ras på staden.

– Så vidt eg veit er det ikkje ei typisk strekning der det pleier å komme ned noko. Vi har nokre plassar der det kjem meir stein ned og er meir rasutsett enn der.