Hopp til innhold

Turgåarar vart melde sakna ved Trolltunga

To lettkledde turgåarar vart melde sakna då dei ikkje dukka opp etter ein fottur til Trolltunga i Odda. Turgåarane er no komne til rette, og vart seint tysdag henta ned av mannskap frå Raude Kross.

Trolltunga

– Turgåarane er uskadde og om lag to kilometer frå parkeringsplassen i Skjeggedal. Dei er utslitne og ynskjer å bli henta på stien, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen.

Klokka 23.30 opplyser politiet at mannskap frå Raude Kross går turgåarane i møte.

Politiet fekk uromeldinga 21.37. Litt over klokka 23 fekk politiet stadfesta at døtrene hadde vore i kontakt med mor og stefar.

Døtrene melde frå

Ein familie på fire gjekk den populære fotturen i lag, men på eit tidspunkt gjekk dei to døtrene frå mora og stefaren.

– Då mor og stefar ikkje kom ned til parkeringsplassen ved Skjeggedal, slo jentene alarm, seier operasjonsleiar Morten Kronen.

Raude Kross-mannskap frå anten Odda eller Tyssedal var i ferd med å rykkja ut då døtrene melde inn at dei hadde hatt telefonkontakt med foreldra. Politiet varsla også Hovudredningssentralen.

– Me jobbar no med å koordinera ein redningsaksjon. Håpet er at dei to personane har undervurdert lengda av turen og kjem ned av eiga maskin, sa Kronen i 22.30-tida tysdag kveld.

Dårleg kledd

Det var lågt skydekke, men ikkje regn i området tysdag kveld.

Turgåarane var dårleg kledd, og klaga på smerter i føter og kne.

– Mykje talar for at dei dukkar opp av seg sjølve, men me kan ikkje sjå bort frå at dei treng hjelp. Dei kan ha hamna utanfor stien på grunn av dårleg sikt, sa Kronen tidlegare tysdag kveld.

Operasjonsleiaren oppmodar

Familien er busett på Austlandet, opplyser operasjonsleiaren.