NRK Meny
Normal

– Kvar dag blir eg mint på kva eg har gjort mot sonen min

Anne gjekk på metadon då ho vart gravid. Legane anbefala ho å auke dosane. Nær ti år seinare, har sonen store plagar.

Anne 2

ANNE: Ho har vore rusfri i 12 år og skryt av hjelpa ho har fått frå kommunen ho bur i. Familien blir godt tatt vare på, seier Anne. Av omsyn til dei to sønene hennar, har NRK valt å ikkje opplyse namn eller bustadkommune.

Foto: KRISTIAN EIDESVIK

Anne var akkurat byrja på legemiddelassistert behandling (LAR) og fekk metadon. Så vart ho gravid. Legane råda henne til å trappe opp dosen, frå nær 35 milligram til 120 milligram.

Då sonen vart fødd, vart han raskt veldig sjuk. Han tola ikkje sanseinntrykk, gret og var uroleg.

– Han gjekk ned ein kilo i vekt, og måtte matast gjennom ein sonde. Han skreik og rykka. Han tolte ikkje for mykje lyd eller lys. Det verste var at han tolte ikkje at eg heldt han, fortel Anne.

– Grufullt

Anne har vore rusfri i 12 år med metadonbehandling. Ho har fleire barn frå tidlegare, der ho ikkje rusa seg under graviditeten. Eit nyfødd barn med abstinensar var noko ho aldri hadde opplevd før sonen hennar kom til verda.

– Det var heilt grufullt å sjå på kor vondt han hadde det. Eg visste jo sjølv kor forferdeleg det er å ha abstinensar, seier Anne.

Kvinner som blir gravide mens dei går i LAR, vert råda av Helsedirektoratet til å halde fram med dei sterke medisinane. I somme tilfelle, som med Anne, blir dei og råda til å trappe opp medisinen.

Fleirtalet av desse barna får abstinensar like etter fødselen, men dei varar sjeldan meir enn i nokre månader. Sonen til Anne måtte skjermast for sanseinntrykk i eitt år.

  • Les også:

Kraftig økning i antall babyer med rusabstinens

Strid om metadon skader fosteret

Nyfødt. Illustrasjonsbilde.

FLEIRE NYFØDDE I LAR: Legane i Hordaland og Rogaland seier dei opplev ein auke i talet på barn som blir fødd av mødrer i LAR. Dei meiner årsaka er at fleire unge kvinner går i LAR.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Sonen slit framleis

No, nær ti år seinare, har han framleis store vanskar i kvardagen. I hovudsak har han vanskar med konsentrasjon og å ta imot mange inntrykk. Det gjer at han må isolere seg frå medelevane til tider.

Anne er overtydd om at medisinane er skuld i problemane.

– Eg slit med dårleg samvite. Kvar dag blir eg minna på kva eg har gjort mot sonen min, ved å ta medisinane eg trudde skulle hjelpe oss, seier Anne.

Sonen får tett oppfølging frå kommunen, som tilrettelegg for hans behov på skulen. Anne har fått undervisning i korleis å ta vare på eit barn med hans behov, mens sonen no blir utreda av Barne- og Ungdomspsykiatrien.

– Det er uforsvarleg å la mødrer gå på LAR under graviditeten, når vi veit så lite om langtidsverknadane.

– Vi manglar forsking

Reglane for å få begynne på LAR-behandling har endra seg, slik at fleire unge kvinner no får behandling. Sjukehusa på vestlandet fortel om ei auke i talet på LAR-barn som blir fødde kvart år.

Legestanden er ikkje samde om kva som er det beste alternativet. Å la mødrene gå på metadon under graviditeten, eller å be dei trappe ned til minst mogleg dose.

Sjølv om mange av barna blir sjuke av medisinane, meiner helsedirektoratet at det er betre enn alternativet.

Når barna er fødde kan legane observere dei og behandle dei. Dersom mor sluttar på metadon under graviditeten, greier dei ikkje å halde følge med fosteret i magen.

– Det er forska litt på korleis det går med barn født med abstinensar. Men, det er ikkje forska i det heile tatt på kva som skjer dersom mor trappar ned på medisinane under graviditeten, seier Monica Sarfi.

For små forskingsprosjekt

Psykologen har leia eitt av dei største forskingsprosjekta på LAR-barn i Norge, i samband med Senter for Rus- og Avhengighetsforskning (SERAF). No undersøker ho korleis det har gått med barna, som no er komne i skulealder.

– I hovudsak går det bra med desse barna, fordi vi klarer å behandle abstinensane. Men det er avhengig av at dei får god oppfølging, seier Sarfi.

Problemet er at det er framleis så få mødrer og barn i LAR i Norge, at forskingsresultata blir usikre. Difor får dei heller ikkje tildelt store beløp til forskinga.

– Vi treng meir forsking, både for klinikkane som skal behandle kvinnene, for mødrene sjølv, og for politikarar. Men, det er eit stort sprang mellom behovet for forsking, og dei midlane desse forskingsprosjekta får, seier Sarfi.

Mødregruppe for medisinering

Anne 1

FRISK: Anne har to søner i ung alder. Den eine er frisk, den andre har vanskar med konsentrasjon og sanseinntrykk. Anne er ikkje i tvil om kva som skil dei – dosen med metadon ho tok medan dei var i magen.

Foto: KRISTIAN EIDESVIK

– Fokuset på LAR-barna dreier seg berre om medisinane, mens det er mange andre ting i desse barna sine liv som er viktigare å ta tak i, seier Ida Kristine Olsen.

Ho leier ei gruppe for mødrer som har fått barn i LAR. Mødregruppa er under proLAR-foreininga, og støtter Helsedirektoratet si anbefaling om å halde fram med medisinane under graviditeten.

– Eg er heilt overtydd om at det er det beste for både mor og barn. Det er stabiliserande for begge, seier Olsen.

Ho har sjølv to barn født under LAR-behandling, og har jamleg kontakt med ei stor gruppe mødrer og barn. Fleirtalet klarar seg like bra som barn i andre samfunnsgrupper, ifølge Olsen.

– Dei aller fleste barna har normal utvikling. Ein hadde kanskje venta å finne større skilnader mellom desse barna og barn med ein meir stabil omgjevnad, men skilnaden er svært liten, seier Olsen.

– Men dei treng god oppfølging. Nokre av dei er sårbare for ei skeiv utvikling, seier Olsen.

Dersom desse barna opplev store omveltningar i livet, kan dei få problem med til dømes å skilje sanseinntrykk. Det vil bety vanskar med til dømes med å stenge ute inntrykk når dei har mange mennesker rundt seg. Med andre ord, dei same vanskane sonen til Anne opplev i dag.

– Dette er problem som også andre barn kan få, og det er vanskeleg å vete om det skuldast medisinane eller andre ting, seier Olsen.

.

Fekk vedvarande plagar

Då Anne vart gravid igjen, fleire år seinare, trappa ho ned medisinane kraftig. Sonen hennar vart fødd utan abstinensar, og har ikkje vist teikn på dei plagene bror hans har.

SERAF meiner mengda medisin mor tar, har liten betydning for om barnet blir sjukt eller ikkje. Det har Anne lita tru på.

– Eg angrar på at eg høyrde på legane under den første graviditeten, eg skulle ha trappa ned. Å gje sterke dosar med vanedannande medisinar til gravide er uforsvarleg, seier Anne.

Leiaren for mødregruppa i pro-LAR meiner alternativet er langt meir uforsvarleg.

– Fordi ein veit ikkje kva som vil skje. Vi kan berre bygge på erfaringane vi har, no når vi har så lite forsking. Og erfaringane syner at det går trass alt bra med barna, seier Olsen.

Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.