Overgrepet mot sjuåringen skal ha skjedd på juleavslutninga til ein skule i Bergen, og jenta har peikt ut ein av lærarane som gjerningsmann.
Politiet pågreip og sikta læraren i desember, men har ikkje nok bevis til å halda han fengsla.
Kjøpte kjøkenkniv og jernstong
Då faren til jenta såg den sikta på studentkakaféen Kvarteret, blei han rasende.
Faren gjekk over gata og kjøpte ei jernstong og ein kjøkenkniv. Attende på kaféen skal han ha truga den sikta både med jernstonga og kniven.
Politiet blei raskt tilkalt, og etter få minutt blei faren pågripen. Den sikta skal ikkje vera fysisk skadd etter hendinga.
Varetektsfengsla
Ifølgje Bergens Tidende har faren til jenta forklart til politiet at han ikkje ville drepa mannen, men skada han alvorleg.
Faren er no varetektsfengsla i to veker, sikta for grov vald.