Her går fregatten inn i området – då tankskipet spør, har trafikksentralen gløymt at skipet er der

Trafikksentralen gløymde å registrera fregatten som hadde stø kurs sørover mot oljeterminalen. Først få minutt før kollisjonen kom trafikkleiaren på at fregatten faktisk var i området.

Helge Ingstad på vei inn i tjenesteområdet til trafikksentralen på Fedje

RADAR: Utklipp frå overvakingssystemet klokka 02.37 viser KNM «Helge Ingstad» segla inn i tenesteområdet til sjøtrafikksentralen på Fedje. NB: På dette biletet er det lagt på ein kunstig «hale» for å illustrera fartøyet sin seglas. Trafikkleiaren såg radarskjermen utan den grøne halen.

Foto: Kystverket

Ei rekke forhold medverka til kollisjonen mellom KNM «Helge Ingstad» og «Sola TS», ifølge Havarikommisjonen. Blant anna peiker kommisjonen på opplæringa av brubesetninga på fregatten.

Følgde ikkje med på kor fregatten var

Også forhold på sjøtrafikksentralen på Fedje medverka til ulukka.

Sidan fregatten segla utan AIS-signal, måtte operatøren ved Fedje sjøtrafikksentral registrera radarekkoet til fartøyet manuelt då KNM «Helge Ingstad» varsla sin ankomst i tenesteområdet klokka 02.38.

Posisjon, kurs og fart var heller ikkje synleg i overvakingssystemet til sjøtrafikksentralen då fregatten segla sørover i tida før kollisjonen.

Men ekkoet blei aldri plotta av operatøren. Difor følgde trafikksentralen aldri seglasen til KNM «Helge Ingstad», og kunne heller ikkje informera «Sola TS» kva fartøy som nærma seg halvannan time seinare.

– Som me har sett av kommisjonen, var det kompliserte årsaker til at kommunikasjonen ikkje var tydeleg nok, seier direktør i Kystverket, Einar Vik Arset, til NRK.

Nye overvåkningsbilder publisert av Havarikommisjonen viser det dramatiske møtet

KOLLISJON: Nye overvakingsbilete publisert av Havarikommisjonen viser det dramatiske møtet.

Gløymde at fregatten var i området

Kystverket offentleggjorde fredag sin rapport etter kollisjonen i Hjeltefjorden.

Den forklarar kvifor trafikkleiaren ikkje kunne svara då losen på «Sola TS» spurte kva skip som hadde retning mot oljetankaren.

Sjøtrafikksentralen hadde heller ikkje, slik han etter rutinane skal gjera, informert oljetankaren om kva fartøy som kunne påverka seglasen i Hjeltefjorden.

Først når losen på oljetankaren spør kven som nærmar seg frå nord, klokka 03.58.17 – tre minutt før kollisjonen, blir radarekkoet plotta av trafikkleiaren på Fedje. Det tar nærare 40 sekund før radarplottet blir stabilisert slik at trafikkleiaren får oppfatta kurs og fart.

Ifølge rapporten til Kystverket er det på dette tidspunktet at trafikkleiaren hugsar at KNM «Helge Ingstad» over ein time tidlegare hadde meldt frå om innseglinga nord i tenesteområdet til sjøtrafikksentralen på Fedje.

«Det er muligens han som kommer her», antyda trafikkleiaren over radiosambandet til losen på «Sola TS».

Helge Ingstad fortøyd ved kai på CCB-basen på Ågotnes.

I DAG: Slik ser KNM Helge Ingstad ut i dag. Skroget ligg fortøydd på CCB-basen på Askøy. Prisen for opphaldet er lyder på 1,3 millionar kroner i månaden.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Deretter er det radiokontakt direkte mellom oljetankaren og fregatten. På dette tidspunktet er kollisjonen få minutt unna.

I denne korrespondansen grip ikkje trafikkleiaren på Sjøtrafikksentralen inn. Havarikommisjonen poengterer i sin rapport at trafikkstasjonen på Fedje kunne ha gripe inn for å forhindra utfallet, ved å be fregatten svinga eller stansa.

Samstundes poengterer Kystverket at det er i høve til rutinen at trafikkleiar ikkje skal blokkera arbeidskanalen når situasjonen er så tidskritisk som det den var kort tid før kollisjonen mellom KNM «Helge Ingstad» og «Sola TS».

Tar sjølvkritikk på manglande plotting

– Det er vanskeleg å spekulera i om dette kunne ha blitt oppdaga før, seier direktør for Kystverket, Einar Vik Arset, med referanse til at radarekkoet frå fregatten ikkje blei plotta.

Arset poengterer at det var ei komplisert årsak til at kommunikasjonen frå trafikkstasjonen på Fedje ikkje var tydeleg nok.

Einar Vik Arset

KYSTVERKSDIREKTØR: Einar Vik Arset.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Me er no kjende med at AIS-sentralen var slått av og at militære fartøy har høve til det. I tillegg var radarekkoet svakt, og dermed hadde ikkje systema tilstrekkeleg sikring for det som skjedde på trafikksentralen. Men fartøyet blei ikkje følgt manuelt, noko kommisjonen peikar tydeleg på, og Kystverket erkjenner at dette er noko me må drøfta, seier direktøren.

Havarikommisjonen presenterte fredag 15 sikkerheitstilrådingar. Ni av desse gjaldt Sjøforsvaret. Sjøfartsdirektoratet har fått ei tilråding, medan reiarlaget til «Sola TS» og Kystverket har fått to råd kvar.

  • Kystverket bør gjennomgå og forbetra trafikkovervakinga, med omsyn til bemanning, oppgåver og tekniske hjelpemiddel.
  • Kystverket bør gjennomgå og forbetra praksis og rutinar for trafikkinformasjon.

– Tar Kystverket på seg ansvaret for det som skjedde?

– No er ikkje dette eit spørsmål om skyld. Kommisjonsrapporten er omfattande og grundig, og den beskriv eit komplisert årsaksbilete. Me skal no studera dei tilrådingane Kystverket får, to tilrådingar me tar på største alvor, seier Arset.

Brukte ikkje funksjon som plotta fartøy automatisk

Fire personar har status som mistenkte i den pågåande politietterforskinga etter ulukka. Politiet utelukkar ikkje at det kan bli snakk om å ileggja både Forsvaret og Kystverket føretaksstraff.

Kystverksdirektøren seier han vil venta på politiet sitt arbeid før dei kommenterer den sida av saka.

– Det er noko som eventuelt vil ligga føre etter nyttår, så me får ta stilling til det då. Førebels er det berre til vurdering, seier Arset til NRK.

Kystverket har allereie innført nye rutinar. I overvakingssystemet eksisterer det allereie ein funksjonalitet for automatisk plotting av fartøy, men sjøtrafikksentralane har tidlegare konkludert med at funksjonaliteten ikkje var tilpassa operativt bruk.

Kystverket har etter ulukka sett i verk kontrollert testing av denne funksjonaliteten.

– Me etablerer ein kombinasjon av nye retningslinjer. I tillegg har me gått gjennom opplæringsrutinane våre, seier Arset.

– Burde VTS ha gripe inn tidlegare den natta?

– Som nemnd er det eit komplisert årsaksspel i det her.

Tenker Kystverket at det er greitt å driva opplæring midt på natta?

– Det vil me ikkje røra ved i dag.

Skjermar trafikkleiaren

Regiondirektør Jon Erik Hagen i Region Vest seier at den tilsette som var trafikkleiar natt til 8. november i fjor, blir skjerma.

– Han skal ikkje uttala seg, seier Hagen utan å visa til nokon oppnemnd advokat.

Fungerande kommunikasjonssjef i Kystverket, Pål Are Lilleheim, seier det er kystverksdirektøren som førebels svarar på alle førespurnader.

– Ingen fagorganiserte uttalar seg no, seier han til NRK.