Hopp til innhold

Tone betalar av eiga lomme for å vere sjukepleiar i Guinea

– Det er heilt utruleg å sjå kor glade folk kan bli for ein legetime. Desse reisene har fått meg til å innsjå kor bortskjemte me er i Noreg, seier anestesisjukepleiar Tone Lauvås.

mercy ships

FRIVILLIG: – Me bur i verdas rikaste lang og har alt. Å kunne hjelpa menneske som ikkje har tilgang på helsehjelp gir meg enormt mykje, seier anestesisjukepleiar Tone lauvås.

Foto: privat

På førre reise var eg i Guinea. Der har dei to anestesilegar på tolv millionar menneske. Det seier ein del.

Tone Lauvås, anestesisjukepleiar

Tone Lauvås frå Bergen hadde jobba på Haukeland sjukehus i mange år før ho bestemte seg for å reise ut i verda for å hjelpe dei som kanskje treng det mest.

– Eg hadde gått rundt med ein idealist i magen lenge. Men eg visste berre ikkje heilt kva eg kunne gjere for å hjelpa.

Ho bestemte seg for å søka plass på «Mercy Ships», eit sjukehusskip med base i Kristiansand som reiser til land utan eit fungerande helsesystem og tilbyr folk gratis helsehjelp.

Betalar sjølv for å hjelpa

Mercy Ships

SJUKEHUSSKIP: På 35 år har tilsette ved sjukehusskipetskipet gitt meir enn 3000 livsviktige operasjonar i heile verda.

Foto: Mercy Ships

Det amerikanske sjukehusskipet er ei gamal ombygd danskeferje. Om bord er det 450 humanitære hjelpearbeidarar frå 35 nasjonar. Lauvås har vore med på to turar, snart reiser ho ut for tredje gong.

– Det er jo kanskje vanskeleg for somme å forstå at eg gjer dette, men eg vil vera med å bidra der eg kan. Så enkelt er det, seier ho.

I form av kroner får ho ikkje lønn for strevet, ho betalar nemleg både kost og losji sjølv. Men turane gir ho mykje likevel, seier ho.

– Me bur i verdas rikaste land og har alt me kan ønska oss. Å kunne hjelpa menneske som ikkje har tilgang på helsehjelp gir meg enormt mykje. På førre reise var eg i Guinea. Der har dei to anestesilegar på tolv millionar menneske. Dei seier jo ein del, fortel Lauvås.

– Ei kvinne som budde langt opp i fjellet hadde høyrt at me kom. Ein komplisert fødsel hadde ført til at ho trong hjelp. Ho selte alt ho eigde og brukte seks månadar for å kome seg dit me låg til kai. Det er sterkt.

(Artikkelen held fram under biletet)

mercy ships

LIVSVIKTIGE OPERASJONAR: Lauvås har vore med på fleire hundre operasjonar på sjukehusskipet.

Foto: Privat

– Må spara på alt

Lauvås beskriv skipet som ein liten by med mellom anna eigen skule, bibliotek og fem operasjonssalar. Men det kan bli trongt når så mange menneske frå så mange land skal bu saman over lengre tid.

– Me kan bu mellom seks og åtte personar på éin lugar. Det er jo trongt. Dessutan må me spara på vatn når me dusja og tenke gjennom kor mykje me et. Eg lærer enormt mykje av å tenke slik. Det er ikkje til å legge skjul på at me er grådig bortskjemte her i Noreg, seier ho.

Med familie i Noreg er det ikkje alltid lett å reise vekk for å bu på eit skip. Men meed god planlegging i forvegen går det bra, ifølgje sjukepleiaren.

– Dei som ynskjer å drive med humanitært arbeid må jo velje vekk ein del andre ting. Men for meg er det heilt klart verdt det. No ventar eg bare på brev om kor tid eg skal ut på neste reise.