NRK Meny
Normal

Hjelpearbeidar hardt ut mot frivillig-turisme i fattige land

Markus Aksland i Redd Barna har over 20 år bak seg som bistandsarbeidar i ulike land. Han åtvarar sterkt mot den nye trenden med såkalla frivilligturisme eller barneheimturisme.

Markus Aksland i arbeid i Kambodsja.

Markus Aksland har lang erfaring som hjelpearbeidar i utlandet. Her er han fotografert i samband med eit skuleprosjekt i landet.

Foto: Redd Barna

Stadig fleire menneske i Europa og Nord-Amerika ynskjer å gjere noko for særleg barn og unge i fattige land, og mange reiser på organiserte turar der dei kan kombinere ferie og arbeid som frivillige på barneheimar. Interessa for slike turar har eksplodert etter tsunamien i 2004.

Markus Aksland er tidlegare landsjef for Redd Barna i Kambodsja, og no leiar for Redd Barnas arbeid i Asia ved hovudkontoret i Oslo. Han er no på jobbreise i Kambodsja og Laos.

Velmeinande menneske

Kambodsja eitt av landa der den såkalla frivilligturismen har fått fotfeste dei siste åra. Velmeinande vestlege menneske vil gjerne jobbe gratis på ein barneheim for å gi sine bidrag til at nokon kan få det betre.

Aksland meiner mange ikkje forstår at dette er feil måte å hjelpe på. Det er ikkje rette måten, når menneske med varme hjarte kjem frå andre sida av jorda og vil gjere ein innsats i eit avgrensa tidsrom.

Chelsea Clinton i Kambodsja.

Chelsea Clilnton var nyleg å Kamabodsja for å formidle støtte til born ramma av hiv og aids frå The Clilnton Foundation.

Foto: Heng Sinith / Ap

– Mange meiner dei har noko å bidra med, men dette gjer dei ikkje til spesialistar. Som oftast er dette eit dårleg utgangspunkt for å gjere ein jobb, seier Aksland til NRK.no.

Han er ikkje i tvil om at dei som ynskjer å bidra på denne måten, heller brukar pengane på å hjelpe dei profesjonelle hjelpeorganisasjonane. Dei arbeider langsiktig og kjenner forholda i landet godt.

LES OGSÅ: Avslørte manglande kontroll med frivillige barneheim-hjelparar

– Svært korte opphald

– Norske frivillige kjem til ein barneheim med traumatiserte born. Kva skjer med borna som blir knytte til desse frivillige når opphaldet deira på barneheimen er over? Det er ofte snakk om svært korte opphald, seier han. Han meiner det ofte blir ei byrde for dei som er att på barneheimen når hjelparane har reist.

Aksland er klar på at dei som ynskjer å gjere ein innsats, må ha fagkunnskap i botnen og helst eitt heilt år å gi. Då er den beste måten å hjelpe på å søkje seg til traineejobbar i dei etablerte hjelpeorganisasjonane, eller å søkje seg til eitt år i Fredskorpset.

Det er mange barneheimar i Kambodsja, og kven som helst som har 100 dollar kan starte ein ny. Den erfarne hjelpearbeidaren seier at korrupsjon er svært utbreidd, og det er liten eller ingen kontroll med dei som vil etablere ein ny barneheim, berre dei kan betale for seg.

– Hit til Kambodsja kjem både velmeinande frivillige som vil hjelpe, men som manglar innsikt i lokale forhold. Men her kjem også andre som ikkje har like edle motiv for å starte ein barneheim, slik som pedofile, seier han.

Nokre dollar i lomma

– I eit samfunn der alt er til sals, kan kven som helst opne ein barneheim, berre ein har nokre dollar i lomma, legg han til.

Redd Barna har ikkje engasjert seg i barneheimar. Det kjem ut av ein grunntanke om at born har det betre andre stader enn på ein barneheim.

– Ein barneheim kan altfor lett ende opp med å bli ein stad for omfattande og organiserte overgrep mot born, seier han.

Redd Barna-representanten åtvarar mot å romantisere denne typen hjelpearbeid. Han synest ikkje det er nokon god ide at ein norsk kjernefamilie vil kombinere to vekers badeferie i Thailand med to veker som frivillige på ein barneheim i Kambodsja.

Samarbeider med barnevernet

– Det er ikkje grunn god nok at dei vil ha ein meiningsfylt ferie eller at dei vil lære borna sine om dei harde realitetane born må leve under i fattige land, seier han.

Redd Barna samarbeider med det lokale barnevernet og prøver å få til verje-ordningar for vanskelegstilte born. Aksland fortel at barnevernet har svært dårleg økonomi, og at Redd Barna prøver å hjelpe dei med å byggje opp eit godt system frå grunnen av. Å skape eit tryggingsnett på landsbynivå.

Markus Aksland meiner at alle som vurderer ein periode som frivillig på ein barneheim om å tenkje seg veldig godt om. Alle bør stille seg det avgjerande spørsmålet. Kva er det eg vil bidra med?

Treng frivillige i Noreg

– Å hjelpe til på ein barneheim i nokre få veker, i tillegg til å vere turist, er heilt feil. Men eg forstår godt at mange tenkjer slik, og derfor er det viktig at alle tenkjer seg godt om, seier han.

Aksland vil likevel understreke at dei frivillige er sjølve ryggrada for Redd Barna sitt arbeid i Noreg. Om nokon ynskjer å gjere ein innsats i forhold til born i asylmottak i nærmiljøet, så håper han dei vil ta kontakt.

– Denne typen frivillig arbeid er Noreg på sitt beste, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt