Hopp til innhold

Toalettet var midt i eksamenslokalet: – Høyrde medstudentar som tissa og drog ned

BERGEN (NRK): Universitetet i Bergen lover å sjå på tiltak etter at eksamen vart prega av lydar frå toalettet midt bland studentane.

Kaia Hauge Nustad (21)

IRRITERT: Kaia Hauge Nustad enda opp med å skrive ein kommentar i studentavisa etter at ho kunne høyre medstudentar sine toalettbesøk under eksamen.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK

Eksamenslokala blir i desse dagar fylt opp av studentar som skal ta eksamen.

Midt i lokala til Universitetet i Bergen (UiB) i Solheimsgaten i Bergen, er det eit rom med kvite vegger.

Ved oppstart av eksamen får studentane beskjed om at dei kan gå på do her. Løysinga gjer at folk ikkje treng å seie ifrå til eksamensvaktar før dei går på do.

Men under eksamen fekk Kaia Hauge Nustad oppleve at plasseringa har ei bakside.

– Eg høyrde medstudentar som tissa og drog ned gong på gong i løpet av eksamen, seier student 21-åringen, som går førsteåret på samanliknande politikk.

Eksamenslokale i Solheimsgaten

EKSAMENSLOKALE: I andre, tredje og fjerde etasje i bygget i Solheimsgaten er det lokale meint for eksamen for UiB-studentar. I midten av bygget er det ein struktur som går over alle etasjane som inneheld trappeoppgang, toalett og tekniske rom.

Foto: Magnus Svendsen Nerheim / UiB

Nekta å gå på do

Lydane var så høge at Nustad etterpå gjekk heim og skreiv ein kommentar i studentavisa Studvest (ekstern lenke) om plasseringa av toaletta.

Ein ting var at lydane var sjenerande undervegs i eksamen. Ein annan at alle ville høyre det om ho sjølv måtte på do.

– Eg er ikkje spesielt sjenert av meg, men at nesten hundre framande folk skal høyre at eg tissar og trekk ned, der går faktisk grensa, seier Nustad.

Løysinga blei å levere eksamen tidlegare enn planlagd, fordi det etter kvart blei vanskeleg å halde seg.

– Eg trur ikkje eg får dårlegare resultat, men eg har nok gjort eit par slurvefeil sidan eg ikkje rakk å lese gjennom.

UiB: – Uheldig og synd

Lokala har plass til rundt 300 studentar. UiB har nesten alle eksamenane sine der, som vil seie at rundt 35.000 kandidatar er innom lokalet i året.

Avdelingsdirektør for studieavdelinga ved UiB, Christen Soleim, har ikkje fått klagar før.

– Det er faktisk første gong vi høyrer om dette, men det gjer det ikkje noko mindre viktig å ta tak i. Eg synest det er veldig synd og uheldig at studentar opplever dette på eksamen.

Avdelingsdirektør ved Studieavdelinga på UiB, Christer Soleim

LOVAR TILTAK: Avdelingsdirektør for Studieavdelinga ved UiB, Christen Soleim, synest det er trist at nokre studentar har opplevd å høyre medstudentar gå på toalettet.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK

Ser på tiltak

Leiar i Studentparlamentet UiB, Andreas Trohjell, seier at dei ikkje har fått klagar frå studentar om dette før.

– Vi meiner fasilitetane i Solheimsviken held god standard, og toaletta det same, seier Trohjell som sjølv hadde eksamen der for to veker sidan, utan å leggje merke til lydar frå toaletta.

Soleim blei først klar over situasjonen gjennom Studvest. Universitetet har allereie starta planlegginga med tiltak for å betre situasjonen.

– Vi er i gang med å sjå på om vi kan gjere noko for å skjerme det betre og gjere det meir diskré, eller gjere noko med lyden.

Soleim kan ikkje seie noko om når det faktiske arbeidet startar, men understrekar at det vil skje så snart som mogleg.

Kaia Hauge Nistad utanfor UiB sine eksamenslokale

SNAKKIS: – Når det var så lytt som det var, så funkar det ikkje. Det blei ein liten «snakkis» blant venninnene etter eksamen var levert, seier Nustad.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK