Hopp til innhold

To politikarar tatt i massiv overgrepssak

Den store overgrepssaka som bergenspolitiet rullar opp, omfattar to norske politikarar.

Gunhild Lærum

FORSVARAR: Advokat Gunhild Lærum er forsvarar for den tidlegare stortingsrepresentanten.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Laurdag blei det kjend at politiet har sikta ein politimann i Bergen, antatt å vera ein av dei minst 20 involverte frå Vest politidistrikt i den omfattande overgrepssaka.

Poltiet opplyser på dagens pressekonferanse at politimannen ikkje ser ut til å ha vore med i nettverket. Men på lista over dei sikta finn ein to tidlegare eller noverande folkevalde politikarar.

Rikspolitikar

Den eine politikaren har hatt rikspolitiske verv for Frp og har seinare òg hatt sentrale verv i lokalpolitikken i ein kommune.

Mannen kom i politiets søkjelys då ein mann i Sogn og Fjordane tilstod eit mindre beslag av barnepornografi. Denne mannen nekta for å ha delt det med andre, men funn hos han førte til pågripinga av politikaren på Austlandet.

Då politiet ransaka hytta og heimen til politikaren, skal dei ha oppdaga narkotika og dopingmidlar i tillegg til nokre overgrepsbilete.

– Han erkjenner dette med narkotika og dopingmidlar, men ikkje dette andre, sa forsvarar Gunhild Lærum då pågripinga blei kjent i mars.

Jannicke Keller-Fløystad

FORSVARAR: Jannicke Keller-Fløystad representerer den sikta Ap-politikaren frå Hordaland.

Foto: Annbjørg Dalland / NRK

Lokalpolitikar tatt

Ein Ap-politikar i ein hordalandskommune blei fengsla 13. oktober, sikta for seksuelle overgrep mot barn under 14 år. Han sit i kommunestyret, men har sagt opp verva sine i partiet.

Ifølgje hans forsvarar Jannicke Keller-Fløystad har han ikkje fysisk møtt nokon av dei fornærma, men er sikta for menneskehandel og seksuelle overgrep, gjort over nettet.

– Han har ikkje vore saman med nokon, seier Keller-Fløystad til NRK.

Ho vil ikkje uttale seg om innhaldet i siktinga, eller om klienten hennar erkjenner straffskuld. Ho seier at mannen samarbeider med politiet.

– Eg kan ikkje kommentere saka av omsyn til etterforskinga, sa politiadvokat Janne Heltne i retten.

No er politiet kome så langt i etterforskinga at dei vil gå ut med resultata. Det gjer dei på ein pressekonferanse klokka 14.00 i dag.