Hopp til innhold

To menn sikta for valdtekt i Bergen

Ein 20 år gamal mann må sitje fire veker i politiets varetekt etter ei valdtekt i Bergen natt til torsdag.

Bergen tingrett

Fengslingsmøtet starta kl. 10.00 i Bergen tingrett i dag. Aktor ber om fire vekers varetektsfengsling.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Begge dei sikta er 20 år gamle og av afrikansk opphav. Politiet bad om varetektsfengsling fordi dei fryktar mennene skal øydelegge prov i saka eller stikke av.

– Mennene er sikta for å ha valdteke ei kvinne i ei leilegheit i Bergen sentrum natt til torsdag denne veka, opplyser politiadvokat Eli Valheim til BT.

Kvinna som skal ha blitt valdteken, er i 30-åra. Ho skal ikkje ha kjent til dei to mennene frå før.

Fekk medhald i tingretten

Det første fengslingsmøtet starta klokka 10.00. Den sikta er ein 20 år gamal utanlandsk statsborgar.

Han nekta straffskuld i saka, og forsvarar Kaj Wigum bad også om at han blei lauslaten.

Det fekk han gehør for i tingretten, som meiner kravet om skjellig grunn til mistanke ikkje var oppfylt.

Aktor fekk likevel medhald i at han blir sitjande i varetekt til over helga, då lagmannsretten skal behandle spørsmålet.

Fire vekers varetektsfengsling

Den andre 20-åringen erkjenner heller ikkje straffskuld, men blei dømt til fire veker varetektsfengsling. Den første veka i isolasjon.

Jørn

FORSVARER: Tore Johan Sørland er forsvarer til den eine av de to sikta.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Min klient nektar straffskuld og har ei anna forklaring enn kvinna, fortel forsvarer for den varetektsfengsla, Tore Johan Sørland.

Retten meinte det var fare for at mannen skulle stikke av og gav han difor fire veker i varetekt.

Mannen gjekk med på den første veka i isolasjon, men kjem til å anke dei tre siste vekene, ifølgje forsvararen.

Kvinna har forklart at ho vakna av at han låg oppå henne. I siktinga står det at han skal ha gjennomført samleie medan ho var ute av stand til å motsetje seg handlinga.