NRK Meny
Normal

To kritisk skadd etter frontkollisjon

To born skal vera kritisk skadd etter ei ulukke i Øygarden fredag. Ti personar var involvert i det politiet omtalar som ein kraftig frontkollisjon. Alle er sendt til sjukehus.

Frontkollisjon Øygarden

FRONTKOLLISJON: To personar skal vera alvorleg skadde etter ei ulukke ved Rongesundet bru i Øygarden fredag ettermiddag. Ti personar var involvert i ulukka der to bilar frontkolliderte.

Foto: Silje Mari Malmedal Alden

To bilar frontkolliderte på fylkesveg 561 like nord for Songesundet bru i Øygarden i går ettermiddag. Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.35. Ti personar var involverte i ulukka.

Politiet opplyser til NRK fredag kveld at ambulansepersonell på staden omtala to av dei fire involverte borna, som kritisk skadde.

Frontkollisjon.

FRONTKOLLIDERTE: To bilar med til saman ti personar frontkolliderte nord for Rongesundet bru på fylkesveg 561 fredag ettermiddag.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Kom over i motsett køyrefelt

Vitneskildringar tyder på at den eine av dei to personbilane kom over i motsett køyrefelt. Grunnen til det er framleis uviss, opplyser operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.

Vegvesenet si ulukkesgruppe gjorde åstadsundersøkingar på staden i timane etter uhellet.

– Me har gjort undersøkingar på staden etter fast prosedyre. Arbeidet tok eit par timar, seier Bjarne Otterlei i Statens vegvesen si ulukkesgruppe.

Ulukka skjedde ved Ormhilleren på Rongøy, nord for Rongesundet bru.

Kollisjon Øygarden

FRONTKOLLISJON: To personar skal vera alvorleg skadde etter ei ulukke ved Rongesundet bru i Øygarden fredag. Ti personar var involverte i ulukka.

Foto: Silje Mari Malmedal Alden

To kritisk skadd, åtte med mindre skader

Dei åtte andre skal ha mindre skader i brystet, i tillegg til brotskadar og slag- og sårskadar, opplyste Listøl.

Haukeland universitetssjukehus har laurdag ikkje gjeve opplysningar om skadeomfanget til dei ni andre involverte i ulukka.

– Informasjon om pasientane blir lagt ut fortløpande, seier Jan Kåre Austrheim, kommunikasjonsrådgjevar ved universitetssjukehuset.

Haukeland opplyste i ei pressemelding fredag kveld at sjukehuset har kontroll og elles god kapasitet.

Fire av dei skadde skal vera born under 18 år, melder politiet. Alder på dei involverte er enno ikkje stadfesta, med unntak av ein fjorten år gamal gut. Han er lettare skadd, opplyser Haukeland.

Ulukke Øygarden

FRONTKOLLISJON: Trafikkulukke ved Rongesundet bru i Øygarden. To bilar frontkolliderte. Ti personar vart sendt til sjukehus. To born skal vera alvorleg skadde.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Front mot front

Politiet omtalte frontkollisjon som kraftig.

– To born er kritisk skadd. Borna vart sende til sjukehus i ambulansehelikopter. Ytterlegare tre er alvorleg skadd og fem er lettare skadd, opplyste innsatsleiar Frank Listøl i Vest politidistrikt klokka 20 i går kveld.

Laster kart, vennligst vent...

ØYGARDEN: Det var like nord for Rognesundet bru i Øygarden at ein bil skal ha kome over i feil køyrefelt. Ti personar skal vera skadde. To born skal vera kritisk skadde, melder politiet.

Storstilt utrykking

Seks ambulansar og to luftambulansar, i tillegg til brannmannskap frå Øygarden og Fjell kommune rykte ut til fylkesveg 561.

Politiet sende totalt fem patruljebilar til ulukkesstaden.

Politiet fekk meldinga klokka 17.31

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.