NRK Meny
Normal

Kokk tiltalt for drapsforsøk med kjøttøks

Ein 51 år gamal kokk er tiltalt for overlagt drapsforsøk med kjøttøks på eit hotell på Voss.

Øksedrama på Voss

ØKSEDRAMA: Angrepet skjedde på Fleischer's Hotell, som ligg like ved jernbanestasjonen på Voss.

Foto: Arne Hofseth

Erik Fleischer Tønjum

OVERLEVDE: Hotelldirektør Erik Fleischer Tønjum blei angripen med kjøttøks inne på hotellet i september i fjor.

Foto: Vidar Herre / Avisa Hordaland

Mannen er tiltalt for å ha gått til angrep på hotelldirektør Erik Fleisher Tønjum 20. september i fjor.

Det er Statsadvokatene i Hordaland som har teke ute tiltale etter økseangrepet på Fleischer's Hotel.

Det var Bergens Tidende som først skreiv om tiltalen.

– Ikkje impulshandling

– Vi meiner etterforskinga har avdekka at dette ikkje var ei impulshandling, men at det var eit drapsforsøk som blei gjort med overlegg. Bakgrunnen for angrepet var ei konflikt mellom mannen og leiinga på hotellet, seier statsadvokat Jan-Inge Raanes til NRK.no.

Han ønskjer ikkje å gå nærmare inn på kva som ligg til grunn for tiltalen.

Hotellsjefen blei hogd i nakken med kjøttøksa. Kuttet var fire centimeter djupt og tolv centimeter langt.

Angrepet skjedde inne på kontoret til hotelldirektøren, ifølgje tiltaleavgjerda.

«Tønjum og andre personar som kom til hindra han i å hogga fleire gonger», skriv statsadvokaten i tiltaleavgjerda.

– Det eit alvorleg forhold, som tiltalen avspeglar, seier Raanes.

Lettare skadd

Hotellsjefen blei frakta til Voss sjukehus. Han fekk berre lettare skadar etter det brutale angrepet.

Mannen som no er tiltalt blei arrestert kort tid etter at politiet fekk melding om hendinga. Han har tidlegare vedgått dei faktiske forholda.

Statsadvokaten håpar saka kjem opp for retten i løpet av eit par månader. Den tiltalte 51-åringen er varetektsfengsla, og blir truleg sitjande i varetekt til det fell dom i saka.

– Ikkje overraska

Forsvararen til 51-åringen, Miriam Grimstad, seier til NRK at ho ikkje er overraska over tiltalen.

– Tiltalen er i tråd med forslaget, så det er ikkje veldig overraskande. Men vi er ikkje utan vidare einig i grunnlaget for tiltalen, seier ho.

Grimstad ønskjer ikkje å gå nærare inn på dette, før saka kjem opp for retten.

– Han har vedgått å ha hogd til hotellsjefen med ei øks. Men når det gjeld omstenda rundt dette, så vil vi legga fram vår vurdering i retten, seier Grimstad.

Ho legg til at 51-åringen opplever at han er blitt svært godt varetatt av politiet, rettsapparatet og fengselsvesenet.

– Han føler seg godt behandla heilt frå han blei arrestert, og fram til no når han sit varetektsfengsla i Vik, seier advokaten.