Tilrår at Bybanen går over verdsarven

Konsulentrapport meiner Bergen er best tent med at Bybanen går over Bryggen.

Bybane på Bryggen i Bergen

OVER BRYGGEN: Bybanen kan verta nærmaste nabo med Bryggen i Bergen som står på UNESCO si verdsarvliste. Rapportar frå konsulentselskapet Norconsult tilrår at traseen vert lagt i dagen over det bergenske landemerket.

Foto: Montasje: Kallestad, Gorm / Scanpix
Filip Rygg, byråd for byutvikling, klima og miljø i Bergen kommune

TAUS: Byråd for miljø- klima- og byutvikling Filip Rygg frå KrF vil ikkje seia kva alternativ han ønskjer å gå for.

Harald Schjelderup

AVVENTAR: Gruppeleiar i Ap Harald Schjelderup meiner det er for tidleg å ta standpunkt til om Bybanen bør gå over Bryggen eller ikkje.

Foto: Bergen AP
Tunnelinnslag i Finnegården

FORKASTA: Norconsult meiner forslaget om å bygga tunnel frå Finnegården i for stor grad vil komma i konflikt med verneinteresser.

Foto: Norconsult

Trasévalet for Bybanen mot Åsane ligg an til å verta eit av dei store debattemna i bergenspolitikken i 2013. Ein av grunnane er at valet, som politikarane skal ta, kan få konsekvensar for sjølvaste Bryggen, som står på UNESCO si verdsarvliste.

Alternativet er å skåna den bergenske indrefileten ved å leggja transportsystemet i tunnel. Allereie før konsekvensutgreiinga er lagt ut på høyring har fleire sentrale aktørar flagga kva dei meiner om trasévalet.

Medan byrådsleiar Monica Mæland har sagt tydeleg ifrå om at ho ønskjer å la bybaneskinnene gå over Bryggen, har delar av hennar eiga bystyregruppe argumentert for at mest mogeleg av bybanetraseen bør leggjast i tunnel.

Også byrådspartiet Frp har gått inn for at Bybanen ikkje bør gå over det verdsarvlista landemerket inst i Vågen.

Anbefaler Bryggen

No viser det seg at konsulentselskapet Norconsult, som har sett på fordelane og ulempene med dei ulike alternativa, finn flest gode grunnar til å gå for alternativa som går over Bryggen.

I tillegg til å vera rimelegare og meir trafikksikre, meiner Norconsult at dagalternativa på gateplan vil sikra betre dekning til arbeidsplassar, bustader og reisemål i sentrumskjernen, vil gje betre byutvikling i sentrum og gje fleire mogelegheiter for vidareføring av Bybanen mot bydelane vest for sentrum.

Dei to dagalternativa vil derimot redusera kapasiteten for biltrafikk gjennom sentrum.

Ber om at to tunnelalternativ vert vurdert

Dei to tunnelalternativa som kjem best ut, kjem ikkje betre ut på nokon av indikatorane og vert i tillegg vurdert som teknisk krevjande å bygga og vil ikkje føra til kortare reisetid, ifølgje konsulentrapportane.

Likevel rår konsulentselskapet Byrådet om å sjå vidare med to av tunnelalternativa i tillegg til dei to ulike alternativa som går på gateplan gjennom sentrum og over Bryggen.

– Du får nok berre dei keisame svara frå meg, seier byutviklingsbyråd Filip Rygg frå KrF.

Grundig arbeid

Byråden hadde helst sett at konsulentrapportane ikkje vart offentleggjorde før Byrådet er klare til å presentera si anbefaling, som så skal ut på høyring. Byråden ønskjer ikkje å seia kva av alternativa han vil føretrekkja.

– Eg ser først og fremst på dette som ein grundig arbeid frå Norconsult si side, men dette handlar ikkje berre om faglege spørsmål, men òg om politikk. Desse vurderingane skapar eit politisk handlingsrom som me og bergensarane kan ta stilling til, seier Rygg.

Byråden seier at det vil vera uklokt å vera bombastisk før høyringsrunden er gjennomført.

– I tillegg er det jo viktig at den høyringa me skal ha vert reel. Det kan komma fram heilt nye løysingar som me ikkje har tenkt på enno, seier KrF-byråden til NRK.no.

Forkasta

Fleire av alternativa som tidlegare har vore aktuelle vert forkasta av konsulentselskapet. Forslaget om å kryssa Vågen med bru eller tunnel vert vurdert som for dyrt og komplisert, dekninga i nordre del av sentrum vil verta for dårleg og reisetida vert for lang, ifølgje konsulentane.

Ei bru over Vågen vil i tillegg komma i for stor konflikt med verdsarvområdet på Bryggen. Alternativet med tunnelinnslag mot Sandviken ved Kjøttbasaren like ved Bryggen vil òg i for stor grad komma i konflikt med kulturminner i grunnen og vil kunna vera trafikkfarleg ifølgje rapporten.

Det vert og peikt på at det vil vera knytt stort risiko ved alternativet i anleggsfasen.

– Det er fleire alternativ som har vist seg å vera både kompliserte, dyre og mindre tenlege enn ein kanskje hadde sett føre seg, seier Filip Rygg.

Ikkje riktig å ta standpunkt

Heller ikkje Arbeidarpartiet og gruppeleiar Harald Schjelderup ønskjer å velja mellom alternativa, trass i relativt klare tilrådingar frå Norconsult sine folk.

– Det er ikkje riktig å ta noko standpunkt før me har sett oss grundig inn i dei faglege vurderingane, seier leiaren for det største opposisjonspartiet i Bystyret.

Byrådet vil etter det NRK kjenner til legga fram si tilråding i løpet av relativt kort tid. Det er delte meiningar om trasévalet i byrådspartia Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg folkeparti.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.