Hopp til innhold

Tilbyr ekstraundervisning til engasjerte elevar

– Elevane får tilbod om ekstraundervisning for å minimera konsekvensane som streiken har påført dei, seier fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim.

skolebøker

TILBOD TIL ELEVANE: Elevar får no tilbod om ekstraundervisning etter at dei har gått glipp av mykje undervisning etter streiken.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Elevane som vart ramma av streiken får no tilbod om frivillig ekstraundervisning. Dei vidaregåande skulane har dei siste dagane gjort ei grundig vurdering av konsekvensane av streiken, og har i eit møte med opplæringsdirektøren i dag skissert ulike løysingar.

– Vi gjer dette fordi vi har eit overordna ansvar etter opplæringslova og vi skal gje elevane eit tilbod som skal vera tilpassa den enkelte, seier Heggheim.

Eit ønskje om ekstraundervisning

Det er litt variert i kor stor grad elevane har mista undervisninga. Det kjem an på når skulen og lærarane vart tatt ut i streik.

elever ser i mattebøker

PÅ SKULEBENKEN: På Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen, var dei fleste elevane glade for å vere i gang med undervisninga som normalt.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Uansett så har alle elevane som har vore knytt til streiken mista undervisning i mindre eller større grad, forklarer Heggheim.

Det har kome mange tilbakemeldingar frå elevane om eit ønskje og eit behov for ekstra undervisning.

– Mange er opptatt av at det no finst eit tilbod og det er klart at det vil vera individuelt i kva grad dei ønskjer å bruka tilbodet. Vi synest uansett det er heilt rett at dei som har behov skal få tilbod om ekstraundervisning, seier Heggheim.

Kartleggja behovet

Det vil bli gjennomført kartleggingsprøvar ved fleire fag på skulane for å sjå kva behov den individuelle eleven har.

– Dei som har problem i bestemte fag, kan vi fanga opp og gje målretta tiltak, seier Heggheim.

Fylkesdirektøren for opplæring meiner at elevane er glade for å koma i gang igjen med undervisninga.

– Eg trur dei no vil setja pris på at det er læring og undervisning som er det viktigaste, seier Heggheim.

Hordaland fylkeskommune ønskjer å halda oppe resten av skuleåret så normalt som mogleg.

– Vi vil ikkje ta bort alt som ikkje er fag og undervisning. Dei dagane som allereie er planlagt med andre aktivitetar synest ikkje vi det er grunn til å redusera på. Med mindre det ikkje er heilt nødvendig og eit uttrykt ønskje frå elevane, seier Heggheim.