Forskarane og leiinga ved Haukeland Sjukehus seier dei ikkje kunne ha utført denne forskninga utan at det britiske legemiddelfirmaet GlaxoSmithKline hadde finansiert han.
Driv ikkje veldedigheit
Medisinsk direktør for legemiddelfirmaet, Olav Flaten, innrømmer at dei ikkje driv veldedigheit.
Foto: Glitreklinikken
- Vår agenda er å laga nye legemiddel, seier han.
Legemiddelindustrien sel kvart år medisinar for 16,1 milliardar kroner her i landet. For at dei skal kunna selja endå meir, er dei avhengige av forskninga.
92 mill. kr.
Det britiske legemiddelfirmaet GlaxoSmithKline gir no altså 92 millionar kroner til forskarar ved Haukeland.
Målet er å finna ut korleis den kroniske lungesjukdomen KOLS best kan bli behandla.
Olav Flaten reknar med at investeringa på 92 millionar kroner vil gje god profitt.
- I 2020 vil KOLS bli den fjerde hyppigaste dødsårsaka i verda, og ein treng gode og nye medisinar, fortel han.
Avhengige av firmaet
KOLS-forskninga vil omfatta 6000 KOLS-pasientar og 600 friske personar.
Ansvarleg for prosjektet, Per Bakke, seier at dei er heilt avhengige av at legemiddelfirma kjøper dei på denne måten.
- Utan desse pengane kunne me ikkje ha gjennomført undersøkinga. Helvta av kvar blodprøve som blir tatt i samband med undersøkinga blir sendt til legemiddelfirmaet. På den måten vil firmaet ha same tilgong på informasjon som oss, seier han.