Hopp til innhold

Tapte mot verdas høgaste lag – likevel tidenes norske bragd på herresida

HAUKELANDSHALLEN (NRK): TIF Viking var sjanselause mot gigantiske russarar i europacupen. Oppgjeret mot Fakel Novy Urengoy var likevel historisk.

TIF Viking mot Fakel Novy Urengoy

OVERMAKTA: Norske Viking var aldri i nærleiken av å tukta dei russiske kjempene på Fakel Novy Urengoy i kvartfinalen av europacupen. Innsatsen gjer likevel TIF Viking historisk.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Utgangspunktet kunne ikkje ha vore verre for fjorårets noregsmeistrar i volleyball. 0–3 var den nådelause fasiten etter det første oppgjeret i iskalde Sibir.

Tysdag kveld viste det russiske stjernelaget kor skapet skulle stå i returoppgjeret i kvartfinalen.

Smadra over to kampar

Med settsiffera 15-25, 14-25, 22–25 frå oppgjeret i Sibir var det eit idrettsmirakel som måtte til for å hjelpa den norske underdogen vidare.

Slik gjekk det ikkje.

– Me matchar dei veldig godt, men så får dei brått to-tre poeng på eigen serv. Russarane har eit servetrykk me ikkje er vane med, konstaterer trenar Scott Olsen.

Første sett enda 13–25. Deretter gav Viking russarane kamp med sifra 18-25, før det bar strake vegen utfor stupet med 11–25 i siste sett.

– Eg følte dei trykka meir på no enn dei gjorde på heimebane. Kanskje var det på grunn av trykket frå tribunen, seier Viking-spelar Kristian Mjelde Bjelland rett etter kampslutt.

Kristian Mjelde Bjelland

SKUFFA: Kristian Mjelde Bjelland i aksjon tysdag kveld. Etter kampslutt er han skuffa. – Det er synd at me ikkje når opp i kveld.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Hyllar publikum

Viking leia fleire gongar framfor 1100 tilskodarar i Haukelandshallen i Bergen, men klarte aldri å gjera oppgjeret jamspelt.

– Det er heilt utruleg. Me er ein ganske ny volleyballklubb med Viking og så kjem det fulle hus. Det er spesielt å spela framfor eit så bra publikum, seier Viking-senter Øyvind Hordvik.

Men etter gode opningar, drog russarane frå midtvegs i dei tre setta. Etter å ha heldt følgje til ti poeng, makta ikkje lenger det norske amatørlaget å halda følge mot volleyballproffane.

– Me lukkast med taktikken om å slå rundt blokka i starten, men me klara ikkje svara då dei justerte. Då fekk dei fire-fem poeng på rad, seier Hordvik.

– Stolt

Allereie før kampstart var Viking historisk: aldri før har eit norsk herrelag kome så langt i europacupen i volleyball.

For dei norske spelarane blei oppgjeret karrierens desiderte høgdepunkt.

– Eg er utruleg stolt over lagkameratane mine. Alle har gjort store ofringar for at dette skal vera mogleg. Støtteapparatet har gjort ein formidabel innsats for at me skal få kunna oppleva dette, seier Bjelland.

Fakel Novy Urengov

KJEMPERS FØDELAND: Ivan Iakovlev (nummer 9) og Sergei Pirainen (nummer 3) utgjorde veggen som møtte det norske laget i blokk.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Kanskje verdas høgaste lag

Det russiske laget stilte med ein førsteseksar med ei snitthøgd på 2,09 meter, kor banens høgste ruva heile 216 centimeter over hallgolvet. Til samanlikning er Vikings høgaste spelar Lars Sakshaug Holing med sine 205 cm.

Det er ikkje første gong norske lag får bryna seg på den sibirske motstandaren. I 2013 slo dei Førde 3–0 over to kampar.

Laget kom til finalen i europacupen i fjor. Då tapa dei knipent for italienske Verona.

Med eit budsjett milevis unna russarar på millionkontrakt, er TIF Viking/Nyborg den mestvinnande volleyballklubben på herresida i Noreg. Etter at Nyborg gjekk inn i Viking i fjor, er det på papiret TIF Viking som står med 14 seriemeisterskap, 8 cupgull og to nordiske meisterskap.