Hopp til innhold

Taiman får ikkje kome tilbake til Noreg

Den endelege avgjerda frå myndigheitene har kome: Utviste Taiman Agid Fatah får ikkje kome tilbake til Noreg. – Han er heilt i oppløsning, heilt knust, seier støttegruppeleiaren.

Taiman på Trandum

FEKK AVSLAG: Taiman Agid Fatah, her fotografert på Trandum transittmottak på veg til å bli sendt ut av Noreg, får ikkje kome tilbake.

Foto: TIPSER.NO / Daniel D.Laabak

Den utviste asylsøkjaren har sidan februar opphalde seg i Irak, etter at han vart sendt ut av Noreg.

I dag fekk advokat Asgeir Thomassen brev frå Utlendingsnemnda (UNE), der den endelege avgjerda om Taiman sin søknad om opphald kom.

Av brevet går det fram at Taiman sin søknad opp opphald er avvist. Thomassen har underretta klienten sin om avgjerda.

Han tar det tungt. Vi er veldig skuffa.

Asgeir Thomassen, Taimans advokat

– Han tar det tungt. Vi er veldig skuffa, seier Thomassen til NRK.

Han seier han er overraska over avslaget, og meiner vedtaket ber preg av at UNE ikkje har gått meir grundig inn i saka.

– Vedtaket ber preg av at ein ikkje har fått nye auge til å sjå på saka. Det er same nemndleiar som handsamar saka for femte gong, og dei prøver å forsvara at dei fatta rett vedtak frå starten av, hevdar Thomassen.

– Vi forstår ikkje grunngjevinga

Vedtaket frå UNE kjem i eit 27 sider langt dokument.

– Vi forstår ikkje grunngjevinga. Dette er ein feil, meiner Thomassen.

Bjørn Lyster

STADFESTER VEDTAKET: Bjørn Lyster i UNE stadfester at Taiman Agid Fatah har fått avslag på opphaldssøknaden.

Kommunikasjonssjef Bjørn Lyster i UNE stadfester overfor NRK at dei har sendt advokaten vedtaket, men vil ikkje kommentere innhaldet før dei pårørande har gitt media tilgang til vedtaket og UNE har fått fritak frå teieplikta.

Han reagerer på Thomassens påstand om at det har vore same nemndleiar i saka fem gonger.

– I løpet av saksgangen, som går over mange år, har det vore fire forskjellige nemndleiarar i denne saka. I tillegg er det ulike lekfolk inne i avgjerdsprosessen, seier Lyster.

Thomassen seier familiære detaljar i vedtaket gjer at han ikkje vil gå ut med det før han har fått det klarert med Taimans familie.

Støttegruppeleiar: – Han er heilt knust

Saka til Taiman vart kjend i januar i år. Irakaren kom til Noreg som 14-åring, men 13 år seinare fekk han varsel om at han kom til å bli sendt ut med tvang.

Det skjedde samstundes som resten av familien i Bergen fekk lov til å bli i Noreg.

Ifølgje advokaten legg UNE i sitt endelege vedtak til grunn at Taiman hadde ein bror i Irak på tidspunktet for det første vedtaket, sjølv om han var på veg til Noreg.

Taiman-opprop

OPPSIKT: Taiman-saka har vakt stor oppsikt sidan saka vart kjend i januar. Her frå ein aksjon i Bergen tidlegare i år.

Foto: Johannes Morland

Taiman-saka har vakt stort engasjement både i Bergen og nasjonalt. Blant anna trekte eitt av UNE-medlemmene seg i protest mot at Taiman vart sendt ut.

Støttegruppeleiar Rudi Bakken har også snakka med Taiman etter at avgjerda kom. Han seier Taiman hadde forventa å få kome attende til Noreg.

– Han er heilt i oppløysing, heilt knust. Det var ikkje så mange orda eg fekk ut av han, så vi blei einige om å snakkast meir i løpet av kvelden, seier Bakken.

Taiman i Irak, støttegruppen i Oslo

STØTTEGRUPPA: Fleire frå støttegruppa til Taiman var i Oslo då UNE handsama saka på nytt i august. Frå venstre bak: Advokat Asgeir Thomassen, Rudi Bakken, Per Kristian Sebak. Framme: Abril-Marisol Diaz.

Foto: Skjermdump Youtube / Privat

Taiman er no i Zakho i Nord-Irak.

– IS er aktive i området, og det opplevast generelt som usikkert. Det kjem fleire og fleire flyktningar dit, seier Bakken.

Støttegruppa varslar no ei støttemarkering for Taiman ved Den blå steinen i Bergen sentrum laurdag.

I 2008 fekk Taiman Agid Fatah endeleg avslag på asylsøknaden sin. I januar bestemte myndigheitene seg for å sende ut Fatah. 10. februar i år vart Fatah sendt ut av Noreg, og sidan det har 27-åringen oppheldt seg i Irak.

29. april blei det bestemt at UNE ville behandle familiegjenforeningsspørsmålet på nytt for full nemnd.

Noas: – Fullstendig urimeleg

Støttespelarane til Taiman har tidlegare varsla at dei vil gå til rettssak dersom det blei avslag.

Den trur Ann-Magrit Austenå, leiar i Norsk organisasjon for asylsøkarar (Noas), dei har sjansar til å vinne fram i.

– Eg forstår godt om dei går til retten, og i utgangspunktet trur eg dei har eit godt grunnlag for å få ei anna avgjerd, seier ho.

Noas reagerer sterkt på UNE sitt vedtak.

noas

– FULLSTENDIG URIMELEG: Ann-Magrit Austenå i Noas meiner vedtaket ikkje er i tråd med regjeringsavtala.

Foto: Bendiksby

– Det er fullstendig urimeleg. Han var del av ein familie som fekk bli, og norske myndigheiter har hatt moglegheita til å la det vege tyngre. I tillegg har situasjonen i Nord-Irak eksplodert etter at han blei sendt ut, seier Austenå.

Ho meiner avslaget ikkje reflekterer regjeringspartia Høgre og Frp si avtale med KrF og Venstre.

– Regjeringa har inngått ei avtale med støttepartia der omsynet til barns beste og familiar skal vege tungt. Det å handtere denne saka slik UNE no har gjort, er definitivt ikkje i tråd med intensjonen i regjeringsavtala.

Advokat Asgeir Thomassen har ikkje gitt opp å få Taiman tilbake til Noreg, men vi drøfta med familien om dei skal ta saka for retten.

– Vi hadde jo eit håp om at han skulle få kome tilbake no, men det einaste som har skjedd no er at vi har tapt tid. No må eg snakke med familien om kva dei vil gjere vidare, om dei vil ha saka opp for tingretten, seier Thomassen.