– Fantastisk! Det var mykje meir enn eg hadde håpa på. Så takk, Norge, seier gullvinnar Tom Dumoulin til NRK etter VM-tempoen onsdag.
Sykkelrittet opp Fløyen i Bergen vil det gå gjetord om i mange år framover. Opp mot 15.000 menneske, både bergensarar og utanlandske fans, samla seg i fjellsida og langs løypa for å heia ryttarane fram.
Avslutninga på temporittet har vore gjenstand for debatt i lang tid før VM.
Ikkje alle tempospesialistar var spesielt nøgd med eit mogleg sykkelbytte og ein blytung tur opp FLøyen med 17 prosent stigning på det meste.
Imponert Froome
Men for gullvinnar Dumoulin var svingane heilt perfekt.
– Kan vi gjere dette kvart år? Vêr så snill? Så fort eg såg løypa, vart eg veldig glad. Vi har hatt litt flate løyper i VM dei siste åra og dette var ein fin ein for meg.
Chris Froome, fire gongar Tour de France-vinnar, rettar ein massiv takk til dei alle som lagde tidenes stemning i Bergen.
– Det var heilt utruleg. Publikum i den siste bakken var heilt spesielle. Dei støtta oss sjølv om det regna.
Froome sykla inn til sin første VM-medalje, då han tok bronsen på tempoen.
– Gratulerer til Dumoulin, han var den sterkaste i dag. Eg gav alt eg hadde og vil heller stå her med ein bronse enn å sitte heime og lure på korleis det hadde gått, avsluttar Froome.
Misnøgd med løypa – hyllar stemninga
Den tyske tempospesialisten Tony Martin stod med fire VM-gull på tempo før dagens ritt. Han måtte konkurrere i ei løype som ikkje akkurat var designa for han.
Det var han også ganske misnøgd med på førehand.
– Eg er superskuffa og skjøna ikkje kvifor dei også har tillate sykkelbytte, sa han til Cyclingnews i går.
Etter løpet var han i langt betre humør, mykje på grunn av det unike sykkelpublikumet i Bergen.
– Det var hardt, også for hovudet. Allereie på runden før byrja eg å tenke på bakken. Så eg fant aldri rytmen og eg visste sjansen var liten for at ville kjempe om gullet.
– Men atmosfæren var fantastisk. Eg følte meg som i Alpe d'Huez i Tour de France. Publikum hjelpte verkeleg og bidra til at eg nesten gløymde smerta.
– Tidenes VM
NRKs sykkelekspert Dag Erik Pedersen sparar ikkje på superlativa når han skal beskrive stemninga i Fløyen i dag.
– Det vart ein folkefest som verda aldri har sett før. Det er heilt greitt at bergensarane er høge på seg sjølv i dag. Bergen 2017 har sett ein heilt ny standard for kva eit VM er.