Hopp til innhold

Svein vil hjelpa dei usynlege

Svein var innlagd med psykiske lidingar. No brukar den tidlegare pasienten eigne erfaringar til å hjelpa andre. – Det er mange som har det vondt og trur dei er åleine i verda om sjukdomen.

Erfaringskonsulent

RØYNSLE: Kvardagen var lenge mørk for Svein Nygaard. No strålar han i jobben med å hjelpa pasientar som slit med psykisk sjukdom. Hans erfaringar

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Ja, hallo. Svein som ringer. Eg lurte på om eg kunne koma innom ein kjapp tur?

Han har tidlegare slite tungt med psykiske lidingar. Då sjukdomen herja som verst var Svein Nygaard langt nede. Bergensaren vart innlagd på psykiatrisk klinikk og fekk hjelp.

Ikkje alle har vore like heldig. No hjelper Svein andre i same situasjon, som erfaringskonsulent i Helse Bergen.

– Eg får seia som ein av professorane på Sandviken (psykiatrisk klinikk, journ.merk) sa til meg: «Svein, du kan jo dette. Eg har berre lese om det».

– Ikkje ein behandlar

Psykisk sjukdom veit han mykje om. Han ringer, stikk innom og snakkar med pasientane om laust og fast. Alltid er det ikkje så nøye kva dei snakkar om.

– Som erfaringskonsulent er eg ingen behandlar. Eg har berre mi eiga erfaring å by på.

For mange er den erfaringa gull verdt. Møtet med Svein kan ofte gjera meir enn tablettar og psykologar.

– Det handlar om å setja seg inn i korleis pasientane har det. Eg ynskjer å fjerna tabuet kring psykisk sjukdom.

Svein Nygaard

PÅ JOBB: Erfaringskonsulent Svein Nygaard hjelper psykisk sjuke ved hjelp av eigne erfaringar.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

Nasjonal satsing på erfaring

Det går føre ei nasjonal satsing for å få personar som tidlegare har slite, anten psykisk eller med rus, inn i helsesektoren.

Ifølgje Nasjonalt senter for erfaringskompetanse jobbar det i dag 130 erfaringskonsulentar i Noreg.

Ein erfaringskonsulent har pasient- og eller pårørandeerfaring.

– Du kan ikkje berre gje medisinar og psykologsamtalar. Ein med erfaring kan hjelpa meir enn ein psykolog eller terapeut som ikkje har den same kjennskapen til sjukdomen, fortel Randi-Luise Møgster.

Møgster er klinikkdirektør ved Kronstad distriktspsykiatriske senter i Bergen. I dag har Kronstad DPS tre tilsette erfaringskonsulentar. Planen er å tilsetta fleire.

Erfaringskonsulent FACT

FACT: Erfaringskonsulent Svein Nygaard arbeider under FACT-programmet: «fleksibelt, aktivt og oppsøkande behandlingstea».

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

Positive tilbakemeldingar

Tilbakemeldingane tyder på at pasientane ser framsteg ved å snakka med folk som har vore i same situasjon.

– Ord som går igjen er «endeleg ein som forstår meg» og «endeleg ein som har vore der eg har vore». Det viser at det verkar, seier Møgster.

Ho meiner det er viktig å ta på alvor det brukarane og forsking seier.

– Me har stor tru på utveksling av erfaringar som behandlingsmetode. Men det er eitt av fleire tilbod innanfor psykiatrisk pleie.

Frå brukar til behandlar

For Svein er det gjevande å sjå at pasientane han følgjer opp gjer framsteg.

Om han sjølv hadde fått eit liknande tilbod då sjukdomen reiv i han på det verste, er han usikker på om han ville ha teke mot tilbodet.

– At eg sjølv skulle hamna på løningslista til helsestellet, det hadde eg ikkje trudd.