Hopp til innhold

SV: – Vi sel ikkje byrommet for småpengar

– Vi sel ikkje byrommet for småpengar, sa Aud Karin Oen frå SV då ho møtte sitjande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen til debatt om byreklame i Hordaland i Dag.

Det nye fleirtalet i fylkestinget vil reverse avtalen om byrklame i Bergen.

DEBATT: Sjå debatten om byreklame i NRK Hordaland si ettermiddagssending over.

Igjen ligg det an til omkamp om byreklame i Bergen. Det nye fleirtalet i fylkestinget vil stoppe reklameplakatar som skal finansiere kollektivtrafikk.

– Det er snakk om mellom seks og sju millionar kroner i året. Det er småpengar i den store samanhengen, og slett ikkje ein pris det er verd å selje byrommet for, seier Aud Karin Oen i SV, som er ein del av det nye fleirtalet.

Endå ein omkamp

Tom-Christer Nilsen

USERIØST: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen meiner reklameavtalen sikrar viktige midlar til kollektivtrafikk.

Foto: NRK

Etter år med debattar og protestar klarte eit fleirtal i bystyret i juni 2014 endeleg å vedta innføringa av reklame på Bybanen, bussar og haldeplassar i Bergen.

For ein månad sidan godkjende eit knapt fleirtal i fylkeskommunen avtalen med den franske reklamegiganten JCDecaux om reklame på kollektivtransporten.

– Useriøst å reverse avtalen no

– Det er useriøst å reversere denne avtalen no, seier sitjande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen som slett ikkje er einig med Oen i at det er småpengar det er snakk om.

– Fylkeskommunen betalar gjennomsnittleg ti kroner per kollektivreisande, denne summen utgjer difor mellom 600.000 og 700.000 enkeltreiser, og er langt ifrå småpengar.

Oen og Nilsen møttest i ettermiddag til debatt om byreklamesaka i NRK Hordaland si ettermiddagssending i dag. Sjå heile debatten øvst i saka.

Aud Karin Oen

VIL REVERSERE: Aud Karin Oen (SV) meiner ein må skaffe midlar på anna vis enn gjennom reklame.

Foto: Kai Svellingen-Flatekvål