NRK Meny
Normal

1500 demonstrerte i Bergen

I dag gjekk arbeidstakarar over heile landet ut i streik. På Torgallmenningen møtte 1500 demonstrantar opp for å markere sin motstand mot det nye EU-direktivet.

Video 6aa2020c-564a-4cba-8ec8-ffbdfebd66c5.jpg

Stor demonstrasjon mot de nye vikarreglene i Bergen sentrum.

I dag gjekk 20.000 ut i streik mot nye reglar for vikarbyrå og leiefirma. Streiken er ein protest mot innføringa av EU sitt såkalla vikarbyrådirektiv.

Direktivet vil føre til at vikarar blir likestilte med fast tilsette. Dermed vil dei få same løn, same arbeidstid og like tillegg.

– Vi arbeider for færre vikarar og fleire fast tilsette. Dette direktivet vil føre til det stikk motsette, seier Christopher Beckham, LO-sækreter i Bergen og omland.

To timar streik

LO meiner direktivet vil svekke rettane for arbeidstakarane i Norge. I dag var det streikemarkeringar i Bergen, Odda og på Stord i Hordaland, mellom klokka 14.00 og 16.00 i dag.

Bybanen sto også i ro mellom 14.00 og 14.15, og både bussar, butikkar og bedrifter var råka av streiken.

El- og IT-forbundet, Fellesforbundet, Norst transportarbeidarforbund, Handel & Kontor og Skolenes landsforbund oppmoda sine medlemmer om å delta.

Eg blir skremt av utsiktene til at vi skal få endå fleire vikarar og vikarbyrå inn i norsk arbeidsliv.

Brita Tarberg

1500 møtte opp i Bergen

Det har vore store markeringar over heile landet i dag, også i Bergen.

Her var over 1500 demonstrantar møtt opp til ein stor markering mot at Regjeringen skal godkjenne regelverket. Ein av dei var Brita Tarberg.

– Eg blir skremt av utsiktene til at vi skal kunne få endå fleire vikarar og vikarbyrå inn i norsk arbeidsliv. Eg jobbar sjølv i helsesektoren, og vi ser og har erfart korleis det vert med byråa, som i stort omfang bryt lova og har uryddige forhold.

– Det er sosial dumping, og no kan vi risikere å få endå meir av dette. Det er uakseptabelt, seier ho.

Arbeidstakarar streikar på Torgalmenningen

NEI TIL DIREKTIV: Arbeidstakarane som er i streik hadde i dag ei markering på Torgalmenningen i Bergen.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

– Fast tilsetjing er ein tryggleik

– Ein konsekvens vi fryktar dette direktivet vil føre til, er at mange bedrifter vil slutte å ta inn lærlingar. Kvifor skal dei, når ein kan få billige vikarar frå utlandet, og ikkje treng å ha dei som tilsette i si bedrift? seier Beckham.

Beckham meiner at vikarbyrå berre skal tilby arbeidskraft når bedrifter manglar folk som følgje av sjukdom og liknande.

– Det norske arbeidslivet har hatt som grunnstein at ein skal vere fast tilsett i ei bedrift. Den tryggleiken skal folk få behalde, slik at ein slepp å gå i banken med hua i handa om ein treng eit bustadlån, seier Christopher Beckham i LO.

LO har ikkje gått ut i streik sidan 2003. Saka skal behandlast i Stortinget 16. februar.

– Vi kjem til å kjempe så lenge vi kan, seier Beckham.

Ikkje alle er med

Dei 56.000 medlemene i Industri og Energi vel å stå utanfor streiken.

– Eg trur ikkje direktivet vil føre til meir vikarbruk. Det har ikkje skjedd i andre land. Eg fryktar dagens demonstrasjonar skal stå i vegen for at vikarane skal få betra rettane sine, seier Leif Sande, som er den einaste forbundsleiaren i LO som seier ja til direktivet.

Han meiner den norske arbeidsmiljølova gjer tryggleik nok.

– Eg vel å stole på både våre og LO sine advokatar som seier at det regelverket vi har i den norske arbeidsmiljøloven kan oppretthaldast. Då vil vi få ein kombinasjon av strenge reglar for å bruke vikarar og veldig gode vilkår for vikarane medan dei er utleigt på oppdrag, seier Sande.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.