Hopp til innhold

Jernbaneverket og NSB ber om orsaking

Maskinhavari har ført til store forseinkingar på Bergensbanen. – Vi må berre be om orsaking, seier Jernbaneverket og NSB.

Buss for tog etter store forseinkingar på bergensbanen

FRUSTRERTE PASSASJERAR: Det var mange passasjerar på toget frå Oslo, og NSB arbeider no med å skaffe buss for tog.

Foto: Asle Hella / NRK

SISTE KL. 17.15: Bergensbanen er åpnet mellom Haugastøl og Finse.

Bergensbanen skulle gått som normalt frå søndag morgon. I staden vil toga tidlegast gå som normalt frå klokka fire i ettermiddag.

– Vi er klar over at dette er ei kraftig forseinking, og det er berre å be om orsaking, seier pressevakt i jernbaneverket, Kjell Bakken.

Årsaka er maskinhavari

Årsaka er problem med anleggsarbeidet i ein tunnel på Finse.

– Vi har sprengt vekk ein 20 meter lang tunnel, og i samband med det måtte sporet ryddast. Under dette arbeidet har to maskiner fått havari, noko som gjorde at ein kom seint i gang, seier Bakken.

Han seier Jernbaneverket no vil vurdere kvar beredskap som må vere på plass for å unngå at noko slikt skal skje igjen.

Bergensbanen står

KRAFTIG FORSEINKA: Bergensbanen skulle gått som normalt, men tidlegtoget frå Oslo står ved Ustaoset og vil snu tilbake til Oslo.

Foto: Asle Hella / NRK

Ventar forseinkingar også i kveld

Toga vil tidlegast gå som normalt klokka fire i ettermiddag. Dei reisande må rekne med store forseinkingar også etter dette.

Eigentleg skulle toga gått som normalt frå klokka 07.55 i dag tidleg, etter å ha vore stengt fredag og laurdag på grunn av vedlikehaldsarbeid.

– NSB er elendige på informasjon

Torunn Holter Johannessen og hennar reisefølgje har venta til saman fire timar i dag.

Ho reiste frå Bergen i dag tidleg og skulle vore på Geilo klokka fem på elleve. I staden står ho i Flåm og ventar på ein buss.

– Då vi ringde NSB ante dei ikkje ein gong at mange av passasjerane deira var sendt til Flåm for å ta buss vidare derifrå. I tillegg burde dei visst tidlegare at anleggsarbeidet ikkje kom til å bli ferdig, seier Johannessen.

Ho fortel at det framleis står folk og ventar. Dei som skulle rekke fly på Gardermoen har kome seg av garde.

– Vi er om ikkje anna heldige med vêret i alle fall, seier Johannessen.

Også NSB ber om orsaking

– Eg forstår godt at dei er frustrerte. Diverre har ikkje informasjonsflyten mellom oss og Jernbaneverket vore god nok, og vi må setje oss ned saman for å unngå at dette skjer igjen, seier pressevakt i NSB, Liv Eggebø.

NSB meiner dei fekk alt for seint beskjed frå Jernbaneverket om forseinkingane i arbeidet med tunnelen.

– Dette førte igjen til at vi blei seint ute med å skaffe alternativ transport, noko som har gått utover kundane våre. Vi oppfordrar våre kundar til å ta kontakt i ettertid for å få kompensasjon dersom dei har rett på det, seier Eggebø.

NSB vil også fortløpande legge ut informasjon på sine heimesider, og ber om orsaking for problema i togtrafikken i dag.

Frustrerte passasjerar

NRK har også vore i kontakt med passasjerar som var om bord på toget frå Oslo til Bergen. Dei var frustrerte over situasjonen. Toget sto fast på Ustaoset, men har no snudd tilbake til Oslo, medan NSB forsøker å setje opp nok bussar vidare til Bergen.

– Vi evaluerer alltid arbeidet i ettertid, og det vil vi gjere også denne gongen. Vi ønskjer ikkje at slike episodar skal oppstå, seier Bakken.

Saka blir oppdatert.