Hopp til innhold

Store fartsforskjellar mellom fylka: – Breiband viktigare enn vegar

Vestland, Agder og Troms/Finnmark blir dei tregaste fylka for både innbyggjarar og bedrifter når det gjeld datahastigheit.

Fiberutbygging på Tysnes i Hordaland BKK

UTBYGGING: Her strekker BKK ny fiberkabel på Tysnes i Hordaland. Utbyggingane har auka takten dei siste åra, men framtidige Vestland fylke vil ha store variasjonar på netthastigheiten i åra som kjem.

Foto: Odd Mehus / BKK

I dag har Finnmark fylke klart lågast snittfart på privat breiband: berre 50,7 Mbit per sekund. Langt nede på lista ligg også Sogn og Fjordane, begge Agder-fylka og Hordaland.

Alle har under 100.

Etter fylkessamanslåingane 1. januar 2020 er det dermed Vestland, Agder og Troms/Finnmark som har dårlegast gjennomsnittleg bandbreidde, viser statistikk frå SSB.

– Den plasseringa er me ikkje nøgde med, kommenterer fylkesdirektør for regional utvikling i Vestland fylke, Bård Sandal.

– Avgjerande for utvikling

– Kor viktig er breibandhastigheit for tilflytting og næringsutvikling?

– Som veg og straum er internettkapasitet svært sentralt for utvikling i bygd og by.

Han seier dårleg breibanddekning – eller fart – kan skremma folk frå å etablera seg.

– Etter kvart blir kanskje å betra breibandtilbodet vel så viktig som vegutbygging.

Sandal trur det vil kosta kring 100 millionar kroner å gi alle i nye Vestland fylke tilbod om like høg hastigheit.

– Samanlikna med kva det kostar å bygga vegstubbane våre, er det ikkje all verda. Det bør vera greitt å få til.

Jan Heggheim

FOR DÅRLEG: – Akkurat som vatn og kloakk, er digital infrastruktur heilt avgjerande for innbyggjarar og bedrifter, seier næringsdirektør Jan Heggheim i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Mistar nettet: – Infrastrukturen er sårbar

Næringssjef Hilde C J Mietinen fortel at Finnmark fylkeskommune fleire gonger har opplevd brot på fiberkabelen som går i sjøen langs kysten. Det gir fylket store utfordringar på utsette stader.

– Hendingane syner at fiberinfrastrukturen i Finnmark er sårbar. Det er framleis utfordringar i fleire kommunar for å sikre god og robust kapasitet, og vi har sterkt behov for eit stabilt nett med nok kapasitet, seier Mietinen.

Ho viser mellom anna til næringar som fiskeri- og havbruk, olje-, gass- og mineralnæring som treng stabilt nett.

– Vi har vedtatt å utarbeide ein egen strategi for denne viktige satsinga i breibandinfrastrukturen. Men totalløyvingar over statsbudsjettet speglar ikkje det reelle behovet vi har meldt inn over fleire år, seier Mietinen.

Store forskjellar

I den andre enden er Akershus på topp med heile 129 Mbit/s. Også Hedmark, Rogaland og Vestfold har over 120, følgt av Buskerud og Oslo.

Dagens Hordaland er altså blant fylka som kjem dårlegast ut på gjennomsnittleg bandbreidde. Men denne statistikken skjuler forskjellar internt i fylka.

Andelen hushald med tilbod om 100 Mbit/s i 2018 gir derfor eit anna bilete. På fire år auka han frå 65 til 88 prosent i Hordaland, som er tredje best i landet.

Andelen er 95 prosent i Bergen og under 2 prosent i Fedje, Ulvik og Ullensvang.

– Geografi begrensar, og leverandørane prioriterer sentrale strok, seier Sandal.

På dei same fire åra har andelen i Sogn og Fjordane blitt meir enn dobla, og er no oppe på 63 %, altså der Hordaland var for fire år sidan.

Oslo er på topp med 98 prosent, framfor Rogaland med 89.

Illustrasjon fylkesvåpen Vestland

DÅRLEG: Etter fylkessamanslåingane 1. januar 2020 får dermed Vestland, Agder og Troms/Finnmark dårlegast gjennomsnittleg bandbreidde, viser statistikk frå SSB.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Fjernstyrt oppdrett

Også næringsdirektør Jan Heggheim i Sogn og Fjordane fylkeskommune seier breibandhastigheit er grunnleggjande for lokal samfunnsutvikling.

– Dei færraste godtar å bu utan tilgang til dette. Det er akkurat som vatn og kloakk, heilt avgjerande for innbyggjarar og bedrifter.

Som døme nemner begge at oppdrettsnæringa er svært opptekne av å få både betre dekning og betre datahastigheit.

– Mesteparten av akvakulturnæringa blir no digitalisert. Dei styrer merdane frå andre stader.